Sport | 09. okt. 2011

Åsne skåra i målkalas

Åsne Takle Eide (17) var blant målskårarane då Arna-Bjørnar vann 9-0 over Linderud-Grei.

Åsne skåra i målkalas
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. okt. 2011 20:22

Osingen Åsne Takle Eide hadde i 2010 ein fin førstesesong i Toppserien. I år har det ikkje blitt like mykje speletid.

– Eg har ikkje vore skadd eller noko sånt, men stallen har blitt større og betre etter sommaren så konkurransen er hardare enn før, seier Åsne Takle Eide til Midtsiden.

Spesielt har Amalie Eikeland, som Åsne konkurrerer med om plassen på høgre kant, vore god.

– Men i dag fekk eg meg ein halvtime på banen, og det var deilig.

Håper på medalje

Arna-Bjørnar låg lenge på 2. plass på tabellen, men etter to tap var dei nede på 4. plass. Dagens siger gjorde ikkje at dei klatra, men 9-0 over botnlaget Linderud-Grei er nok fin gjennomkjøring før sesongens siste to.

– I fjor glapp det og vi måtte nøya oss med 4. plass, i år bør vi klara medalje, meiner Åsne, som sette inn 8-0-målet i dagens kamp.

Røa leier serien med 51 poeng, Stabæk og Kolbotn har 45, Arna-Bjørnar 43 før dei to siste rundane.

Tabell, Toppserien

Vann med andrelaget

Åsne har spelt to kampar i 3. divisjon med Arna-Bjørnar 2.

– Vi vann begge. Den eine 15-1, den andre 8-0, seier Åsne.

Ho skåra til saman 5 mål i dei to kampane med rekruttlaget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.