Åtte tatt på Lepsøyvegen
Politiet sin laserkontroll på Lepsøyvegen gav åtte forenkla forelegg.
Frå klokka 11 torsdag formiddag sto patrulja frå Os lensmannskontor med ein laserkontroll på Lepsøyvegen.
– Kontrollen varte omlag ein time og resulterte i åtte forenkla forelegg. Den høgste farta som blei målt var 67 km/t i 50-sona, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Får ikkje oppsøka huseigar
Politiet har òg forkynt eit besøksforbod for eit ungt par i 20-åra torsdag.
– Bakgrunnen er ei konflikt eller ein tvist mellom dei som tidlegare leigetakarar og huseigar. Det skal vera noko uovereinsstemmelser angåande innbo og oppgjør etter at leigeforholdet blei avslutta.
– Dei to leigetakarane er ilagt besøksforbod og får ikkje lov å oppsøka huseigar, fortel Hadler-Olsen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.