Lokal | 23. sep. 2011

Åtvarar mot hjort i vegen

Ein hjort blei 20.35 påkøyrd i Storumsbakkane. No åtvar politiet mot mykje hjort i vegen.

Åtvarar mot hjort i vegen
Andris Hamrefredag 23. sep. 2011 22:36

Klokka 20.35 fekk politiet melding om at ein hjort hadde blitt påkøyrd i Storumsbakkane. Hjorten løp ut i vegbanen og blei truffen av ein bil som kom køyrande.

- Hjorten stakk til skogs, men var truleg skadd, fortel operasjonsleiar Jan Steimler.

Ettersøksteam blei varsla.

Tidlegare fredag oppdaga trafikantar to hjortar som hadde blitt påkøyrd og døydde ved Kaland.

- Det er grunn til å åtvara vegfarande om at det er mykje hjortedyr som løper ut i vegbanen på denne tida av året.

- Fleire gonger kvar veke mottek vi melding om at det har vore samanstøt mellom køyrety og hjortedyr, sier Steimler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.