Lokal | 16. juli 2009

Au, kva gjer eg no?

Ingen på Båtens Beste har sett større brennmanet enn den som låg under brygga i dag. Veit du ditt eige beste om du brenn deg på ei slik, i Noreg eller i utlandet?

Au, kva gjer eg no?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juli 2009 21:17

- Vi har ikkje sett ei så stor brennmanet før, seier Ørjan Gert Olsen og snakkar på vegne av seg sjølv og kollega Jørn Haugan hos Båtens Beste.

- Men Martin hadde sjølvsagt sett større, men han er jo frå Nord-Noreg så det er ikkje lett å seia om manetene han har sett er store, eller om han berre er stor i kjeften, legg han til og ler.

Martin Murud, medeigar i selskapet, hadde var ikkje på plass så han fekk ikkje forsvart seg. Jørn kasta ein tom sigarettpakke i sjøen så det skulle bli lettare å sjå storleiken på maneta på bildet.

Veks heile sommaren
Brennmanet (Cyanea capillata) er ei skivemanet. Den er svært vanleg langs norskekysten, frå april til ut på hausten. Brennmanetene veks raskt utover sommaren, blir opptil 2 meter i diameter, og er det største av alle nesledyr..

Når snøen kjem dør alle manetene, men i juli og august legg dei frå seg larver på havbotnen som blir til nye maneter neste vår.

Farlege maneter
Dei farlegaste manetene er kubemaneter og sjøveps. Det er minst 63 dokumenterte dødsfall berre i Nord Australia på kysten av Queensland, etter møte med kubemaneta Chironex Fleckeri, også kaldt sjøveps. Det er fleire dødsfall enn det som er rapportert på grunn av møte med hai i same område.

Sjøveps kan du treffa i tropiske område som i Papua New Guinea, Malaysia, Indonesia, på Filippinene, i Thailand, Vietnam og nord i Australia. Du bør også passa deg på kysten av Florida og Hawaii.

Portugisisk krigsskip kan du møta i alle tropiske hav. Gifta er sjeldan dødeleg, men skal vera svært smertefull, og panikk kan føra til drukning.

Førstehjelp
1. Få den skadde til å legga seg ned
2. Fjern eventuelle restar av brennmaneta (dette er lettast i sjøvatn, eller ved å gni sand å huden).
3. Unngå å bruka ferskvatn til å skylla såret med, då dette kan utløysa endå meir gift frå neslecellene.
3. Legg på ispakning (i 10 minutt)
4. Legg det skadde området i varmt vatn (40°-45°C). Dette kan virka lindrande.
5. Om den skadde har brent seg på eit stort område eller utviklar ein alvorleg reaksjon, ring 113.

Førstehjelp i tropiske strøk
1. Hell rikeleg med eddik eller sjøvatn over såret.
2. Dekk såret med ein lett, sirkulær bandasje
3. Tilkall ambulanse
4. Ha det skadde området i så varmt vatn som mogleg for å lindra smertene.
5. Pasienten må på sjukehus for å få fjerna brodden.

Kjelder: Wikipedia og Pasienthåndboka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.