Sport | 17. juni 2009

Auka leiinga

Akina og Piano vann tysdag kvar sin klasse, og ligg godt an i kampen om å ta samanlagtsigeren.

Auka leiinga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juni 2009 10:39

Tysdag gjekk trimmingsseglat i opp til kuling frå nordvest.
(Dette var ikkje siste før sommarferien, slik vi først skreiv.)

- Løpet ble lagt opp med runding av Kyrholmen nord i Austevoll. Kryssen opp mot runding blei lang og litt våt for dei minste båtane, fortel Kjetil Eriksen.

Utanfor Alholmen blei bølgjene større og det blei litt stamping.

Utan spinnaker
Ved runding av Kyrholmen var Piano med Sverre Holm først og Stella med Terje Eltvik like bak. På lensen tilbake til Strøneosen var det først ingen spinnakarar å sjå, men etter passering av Alholmen blei det litt mindre vind, og eit par heiste spinnakarar likevel. Tina for II hadde ingen spinnakar å heisa då den sa takk for seg på Stord Rundt førre helg.

- Piano heldt leiinga og vann største klasse. Akina med Leif Hetleflåt vann den minste klassen.

- I samanlagtresultata for vårsesongen leiar desse to, og med to seglas igjen ser det ikkje ut som om nokon kan ta frå dei leiinga.

Resultat, minste klasse:
1. Akina, Leif Hetleflåt
2. Lady K., Bjørn Eliassen

Resultat, største klasse:
1. Piano, Sverre Holm
2. Stella, Terje Rønning Eltvik
3. Tina for II, Svein Skoglund
4. Lisa, Paul Ø. Mehammer
5. Brigten, Harald Ingebrigtsen
6. Merelle, Sigbjørn Paus

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.