Næringsliv | 11. nov. 2011

Auka med 450.000 kroner

Gav hjelp med styling: Enkle grep gav sal på 450.000 kroner over prisforlangande. Sjå før- og etterbilde.

Auka med 450.000 kroner
Andris Hamrefredag 11. nov. 2011 21:56

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Damene bak det nystarta interiørselskapet «Style din bolig» med hovudsete i St. Hanshaugen på Os er godt nøgde med oppstarten.

- Vi har hatt tre store prosjekt siden vi starta i september.

- Dei eine leilegheita hadde ein prisforlangande på 3,3 millionar. Den gjekk for 3,750 millionar.

- Vi liker å tru at bidraget vårt med å style den før fotografering og visning var med på å bidra til at kunden fekk ein så god pris, fortel Siv Bruvoll, som saman med Suzanne Andersen står bak det nystarta firmaet.

Ein einebustad dei hjalp til med å styla gjekk for 6.450.000 kroner. Seljaren hadde vore villig til å la den gå for 5,8 millionar.

Trå start på Os

Dei tre større prosjekta dei har fullført har alle vore i Bergen.

- Vi har vore i kontakt med eit par osingar som driv og sel husværet sitt, men førebels er det i Bergen vi opplever den største marknaden, fortel Andersen.

- Det verkar som om styling framleis er eit byfenomen kor selgarane har skjønt at skal dei få eit hurtig sal og god pris må husværet skilja seg ut i mengda.

Ofte enkle midlar

Nett no er det prosjekt på Nesttun som opptek dei to driftige damene, men dei håper på oppdrag rundt Bjørnefjorden òg.

- Det er ikkje alltid så mykje som skal til.

- Berre det at det kjem nokon og ser på husværet med friske auge kan gjera stor forskjell.

I tillegg til å ta seg av styling heilt eller delvis tek dei to på seg konsulentoppdrag kor dei gjerv selgarar gode råd til kva dei bør gjera før fotografen kjem og skal ta bilete til salsannonsa.

- Kva felle er det dei fleste husseljerane går i?

- Overmøblering er utan tvil den største tabba.

- Fjern nesten alt av møblar og nips og la potensialet i husværet koma klart fram.

- Kjøparar må klara å sjå for seg korleis dei vil ha husværet og då kan det ikkje vera nedlessa med personlege eigedelar frå seljaren, seier Suzanne Andersen.

- Men blir det ikkje dyrt å leiga inn dykk til ein jobb eg kan gjera sjølv?

- Ikke nødvendigvis. Ein del føler ofte at dei er litt ferdige med det husværet dei skal flytta ifrå og ser at å bruka nokre tusen på nokon andre for å få det til å framstå i ship shape før salet er vel verd pengane.

- Då kan vi komma inn med småting som puter, tepper og andre småting eller vi kan møblera heile husværet om kunden ønskjer det. Kor dyrt det blir kjem ann på kor mykje huseigar vil vi skal gjera, men ei delstyling startar på omlag 4000 kroner, fortel Bruvoll.

Stillar med handverkarar

I nokre tilfeller kan husværet vera så slitent at eit malingsstrøk og litt tømrararbeid kan vera lurt før salet.

- Om kunden ønskjer det hjelper vi dei med forslag til fargeval og løysingar på til dømes kjøkkenet.

- Mannen til Suzanne er tømrar så han har vi nytta oss av allereie, smilar Bruvoll.

- Er det andre handtverkar oppgåver som kunden ønskjer utført formidlar vi gjerne kontakt med nokon som kan gjera jobben.

Førebels driv dei to firmaet med kontor og lager heime hos Andersen.

- Om vi får dette til å gå i hop kjem vi nok etterkvart til å sjå oss om etter kontor og lager ein annan plass, avsluttar dei to gründerane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.