Silje Hjemdal og Gustav Bahus i Vestland Frp fekk gjennomslag på landsmøtet.
Silje Hjemdal og Gustav Bahus i Vestland Frp fekk gjennomslag på landsmøtet.

Auka satsing på veg, maritim sektor og sjøfolk

Vestland Frp fekk fleirtal under landsmøtet.

Kjetil Vasby Bruarøy
18. oktober 2020 - 12:27

Leiar for Vestland Frp, Gustav Bahus frå Os, og stortingsrepresentant Silje Hjemdal frå Bergen, er nøgde etter at Vestland Frp fekk fleirtal under Frp sitt landsmøte for auka satsing på veg.

Redaksjonskomiteen innstilte at Vestland Frp sin resolusjon «Hareide svikter på vei, - FrP satser på vei» ikkje skulle realitetsbehandla, men landsmøtet sikra fleirtal med god margin.

– Det er eg veldig glad for! Frp må pressa på for at ikkje vegsatsinga skal bremsa opp, seier Hjemdal i ei pressemelding.

Mens jernbanesatsinga i forslaget blir auka frå 26,8 i år til 32,1 milliardar kroner i 2021, så går vegsatsinga ned frå 36,7 til 36,3 milliardar kroner.

– Det er tydeleg at landets samferdsleminister ikkje lenger er frå Frp.

Resolusjonen: 

Landsmøtet ber Stortingsgruppen om å kreve økt satsing på vei både i Statsbudsjettet 2021 og ved rullering av Nasjonal Transportplan våren 2021.

– Vi reagerer sterkt på at vegsatsinga blir svekka i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2021. I lys av koronakrisa har vi no òg ein unik sjanse å framskynda offentlege prosjekt for å sikra sysselsetjing i bygg- og anleggsbransjen, og på den måten motverka auka arbeidsløyse, seier Bahus.

Vestland Frp meiner det bør satsast på vidare utbygging av samanhengande motorvegnett der trafikken tilseier dette - og på auka vedlikehald og tunell- og rassikring på både riks- og fylkesveg. 

Delegasjonen frå Vestland. (Foto: Frp)
Delegasjonen frå Vestland. (Foto: Frp)

Vil kjempa for sjøfolk og maritim sektor

Frp meiner òg at regjeringa sviktar sjøfolk i sitt framlegg til statsbudsjett.

– Det er galskap at regjeringa vil svekka nettolønnsordningen for sjøfolk ved å innføra ei øvre grense på 200.000 kroner per tilsett i nettolønnsordninga - og i tillegg fjerna tilskotet for lasteskip i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) i utanriksfart, seier Bahus.

Vestland fylke har ei maritim verdiskaping på 32 milliardar kroner og sysselset nær 18.000 menneske, ifølgje tal frå 2018. Låg oljepris og koronapandemi har svekka denne næringa.

– Verfta slit tungt no, og det speler igjen ei rolle for mange underleverandørar. Om ikkje vi tar grep no, risikerer vi å gjera varig skade på ei av Noreg sine viktigaste næringar. Du må verkeleg vera rimeleg isolert inne i eit regjeringskontor for å meina at det no skal vera fornuftig å svekka nettolønnsordninga og den maritime næringa vår.

Resolusjonen:

Fremskrittspartiets landsmøte ber stortingsgruppa jobbe for å:

1) Ikke svekke nettolønnsordningen ved å utelukke lasteskip i NIS eller innføre tak som svekker ordningen for norske sjøfolk.

2) Innføre/styrke ordninger som kan bringe verftsindustrien gjennom krisen, herunder vurdere å styrke vrakpantordningen for offshoreskip.

 

Les meir om

Lokal Politikk