Lokal | 26. juli 2010

Auka turistbesøk

Bjørnefjorden Gjestetun opplever ei auke på besøk av turistar på 10% i sommar.

Auka turistbesøk
Andris Hamremandag 26. juli 2010 19:20

- Sidan St.Hans og fram til no har vi opplevd ei auke på omlag 10% blant individuelle turistar, fortel dagleg leiar Erik Werner når Midtsiden.no stikk innom for å høyra om den kalde sommaren har jaga turistane vekk.

Som i norgesbrosjyren
Det er hovudsakeleg turistar frå Nederland som finn vegen til Bjørnefjorden, men denne sommaren har ein òg opplevd ei auke i turistar frå det som tidlegare blei kalla Aust-Europa.

- Det er kjekt å vera vert på eit hotell som turistane omtalar som teken direkte ut frå norgesbrosjyren, sier Werner.

Han fortel at dei fleste kjem med eigen bil, men at det òg er overraskande mange som har valgt å farta rundt på sykkel. Den einaste gruppa han opplever har forsvunne dei siste åra er engelskmenna, no når det ikkje går båt direkte mellom England og Norge.

Passar på Folgefonna
Mange av dei utenlandske turistane kan ikkje få nok av vakre Bjørnefjorden med Fusalandet og Folgefonna når dei er på besøk. Dei sit time etter time på verandaen og berre ser utover fjorden.

- Det er nesten som dei sit og passar på at Folgefonna ikkje smelter vekk foran augene på dei, fortel den daglege leiaren.

Forrige sommer hadde dei nesten fullt belegg hele sommaren med arbeidarar frå riggane som låg og testa utstyr i fjorden. Då måtte han bruke tida på å forklara dei utenlandske turistane at, nei - vi driv ikkje oljeutvinning i Bjørnefjorden.

Erik Werner er glad han slepp å forklara det i år med tanke på ulykka som har vore i Mexicogulfen.

Ikkje bussturistar
Erik Werner fortel at dei har teke eit bevisst val om ikkje å ta i mot grupper.

- På den marknaden er prisane såpass pressa at det er vanskeleg å driva lønnsomt med eit såpass lite hotell som dette.

- Dessuten ynskjer vi å kunne ha tid til kvar enkelt gjest. Det er vanskelegare når det kjem ei busslast på kvelden som skal raskt ha romma sine, middag før dei legg seg og deretter skyssast avgårde igjen morgonen etter, seier Werner.

Osingane hjarteleg velkomen
Om sommaren tilbyr Bjørnefjorden Gjestetun à la carte-meny for alle som ynskjer det. Ikkje berre til dei buande gjestane.

- Vi starta med å tilby à la carte i fjor sommar. Denne sommaren opplever vi at fleire har blitt klar over moglegheiten til å komma her for å eta eit godt måltid, fortel Erik som stolt visar fram menyen kor ein kan velja mellom ei rekke forskjellige rettar. Alt frå "Smaken av Norge" til Brosme surra i heimelaga krydderbacon og friske jordbær frå nabogarden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.