Lokal | 20. nov. 2018

Auka vekst i folketalet i Os

I Fusa blei det 18 færre innbyggarar, i Os må vi tilbake til 2012 for å finna tilsvarande vekst i tredje kvartal.

Auka vekst i folketalet i Os
Det blir stadige tettare med folk i Os, som her på Kyrkjeflaten 17. mai i år. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. nov. 2018 09:09

Folketalet i Noreg opplever den svakaste veksta sidan 2006, med ei auke på 11.600 innbyggarar i 3. kvartal.

Årsaka er færre innvandrarar og førre fødslar enn tidlegare, der nedgangen i innvandring er hovudårsaka. Det innvandra 15.600 og utvandra 9.300 personar i 3. kvartal. Av desse var det 1.100 frå Polen som kom inn og 800 frå Polen som flytta ut. 700 frå Syria flytta inn, tilnærma ingen flytta ut. Det flytta òg 700 svenskar til Noreg, og rett over 700 svenskar flytta ut.

Det budde 5.323.900 personar i Noreg 1. oktober i år, viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB.no).

Berre Bergen og Fjell vaks meir enn Os

Av kommunane i Hordaland var det berre 12 av 33 som opplevde vekst i 3. kvartal.

Os auka med 105 innbyggarar, frå 20.676 til 20.781 innbyggarar.

Fødde: 67
Døde: 21
Innflytting, innanlands: 320
Utflytting, innanlandsk: 278
Innvandra: 26
Utvandra: 9

Berre Bergen (1212) og Fjell (117) vaks meir.

Største sidan 2012 - lågaste sidan 2009

• Folketalet i Os har vakse kvart år sidan statistikken starta i 1951.

• 2015 var rekord med ei auke på 645 innbyggarar. Berre to gongar tidlegare har talet vore over 500 (526 i 2010, 516 i 2011 og 536 i 2013).

• I 2016 og 2017 vaks Os med 410 og 421 innbyggarar.

• Ei auke på 105 innbyggarar er høgt til å vera 3. kvartal, vi må tilbake til 2012 for å finna høgare vekst dette kvartalet.

• Samtidig har det vore låg vekst tidlegare i år, etter 3 av 4 kvartal har vi berre auka med 208 innbyggarar.

Det betyr at vi ligg an til å landa på ei vekst på under 400 innbyggarar i år, for første gong sidan 2009, då vi vaks med berre 247.

Stor nedgang i Fusa

I Fusa har folketalet auka kvart år sidan 2005, med unntak av 2011 (-40). Høgaste vekst dei siste åra var 38 i 2015.

Fusa blei 18 færre innbyggarar førre kvartal:
Fødde: 8
Døde: 9
Innflytting, innanlandsk: 36
Utflytting, innanlandsk: 57
Innvandring: 4
Utvandring: 0

Folketalet gjekk på tre månadar ned frå 3.888 til 3.870.

Fusa hadde òg negativ folkevekst i første (-17) og andre (-15) kvartal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.