Kultur | 07. mars 2016

Aurora besøker Jimmy Fallon

– USA-turneen er allereie nesten utselt. Å hamna på Fallon sitt show kan bety enormt mykje, men vi har beina på jorda, seier Geir Luedy til Midtsiden.

Aurora besøker Jimmy Fallon
Måndag om ei veke tar Jimmy Fallon imot Aurora frå Os. (Foto: NBC/Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. mars 2016 13:46

Fredag 11. mars kjem debutalbumet, måndag 14. mars er Aurora gjest i det gigantiske amerikanske NBC-talkshowet Tonight with Jimmy Fallon, melder VG.no.

Aurora skal framføra «Conqueror» for Fallon sitt publikum, som i snitt tel åtte millionar.

– Plateselskapet i USA pusher slike ting heile tida, og her har dei fått full klaff. Skaper du magi så kan ei slik sending bety enormt mykje, seier manager Geir Luedy.

TV2 Humor sender Fallon eitt døgn forseinka, altså på kvelden tysdag 15. mars.

Sjå òg, NBC si heimeside

Fokusert og stabil

Luedy understreker at dei ikkje baserer Aurora sine planar på at enkelthendingar skal bety alt, men innrømmer at han og resten av mannskapen i Made «trekte på smilebandet» då avtalen var i boks.

– Det er ikkje sjeldan at Aurora skaper magi. Kva tenkjer Aurora sjølv om dette?

– Det høyrest kanskje ut som noko politisk korrekt å seia, men Aurora er utelukkande fokusert på si eiga framføring anten ho syng for ti eller tusen. Ho leverer fantastisk stabilt og eg kjenner meg trygg på at TV-sendinga blir ei god oppleving.

Utselt på fire dagar i L.A.

Aurora skal på USA-turné i april og denne er ifølgje Luedy allereie nesten heilt utselt.

– Ein av dei viktigaste scenane ho står på er legendariske Troubadour i Los Angeles. Den eine konserten blei utselt på fire dagar.

Stjerneskotet frå Os er i USA frå 4. til 21. april og skal blant anna innom L.A, San Fransisco, Seattle, Chicago, Boston, New York og Washington.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.