Lokal | 01. nov. 2015

Aurora overraska kommunestyret

Video: Dei blei reint salige, kommunestyrerepresentane, då Aurora heldt intimkonsert under avslutningsbanketten.

Andris Hamresøndag 01. nov. 2015 12:31

Bildeserie:

Terje Søviknes takka Aurora for konserten (foto: AH)
Terje Søviknes takka Aurora for konserten (foto: AH)
Øystein Nordvik, Terje Sperrevik og Bjørn Matland blei heidra med KS sin hedersmedalje (foto: AH)
Øystein Nordvik, Terje Sperrevik og Bjørn Matland blei heidra med KS sin hedersmedalje (foto: AH)
Eirik Andre Hesthamar (Frp), Ståle Skaatun (H) og Odd Tøsdal (Ap) blei takka for innsatsen som komiteleiarar (foto: AH)
Eirik Andre Hesthamar (Frp), Ståle Skaatun (H) og Odd Tøsdal (Ap) blei takka for innsatsen som komiteleiarar (foto: AH)
Knut Terje Rekve fekk eit reisegåvekort frå politikarane (foto: AH)
Knut Terje Rekve fekk eit reisegåvekort frå politikarane (foto: AH)
1 av 4

Meir eller mindre direkte frå Düsseldorf kom Aurora til Oseana og det avtroppande kommunestyret sin bankett.

– Vi har ikkje tradisjon for å gje kommunestyrerepresentantane ei gåve etter endt periode, men i kveld skal de få ei musikalsk oppleving, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp) før han introduserte Aurora.

Skuffa ikkje

Og ungjenta frå Lysefjorden skuffa ikkje. Med eit enkelt gitarkomp leverte ho hitane på rekke og rad, fint innpakka av det lett vittige småsnakket som på mange måtar har blitt eit varemerke.

– Unnskyld, eg såg eg spytta då eg sang i stad. Hjelp eg har spytta på Terje Søviknes, det hadde ikkje mamma blitt glad for å høyra, smilte ho mellom eit par av songane, til latter frå salen.

Seks låtar, mellom anna Murder Song og Runing with Wolves, sto på programmet.

– Du er juvelen vår. Tusen takk.

– Vi fekk seks songar i motsetnadi til nokre andre som var på intimkonsert i Oslo nyleg, takka Søviknes med referanse til Justin Bieber-hysteriet før helga.

Heider og medalje

I tillegg til intimkonserten var avslutningsmiddagen også tid for å heidre politikarar med lang fartstid.

– KS sin hedersmedalje kan tildelast politikarar og tilsette når dei har 24 år i kommunalt virke, forklarte Søviknes før han henta opp Øystein Nordvik (TvS), Terje Sperrevik (TvS) og Bjørn Matland (H), som alle har lagt ned eit langt og betydeleg arbeid i Ospolitikken.

Takka Knut Terje

Også rådmann Knut Terje Rekve fekk heidersmedaljen for lang innsats i fleire kommunar, dei siste ni åra i Os.

– For ei reise det har vore med deg i rådmannstolen. Det er ikkje få prosjekt som har blitt realisert i løpet av disse åra, oppsummerte Søviknes.

– Vi har funne ei god arbeidsdeling mellom deg som rådmann og meg som ordførar. Du har tatt deg av indre bane og den daglege drifta, medan eg har jobba med dei ytre og nye prosjekta.

– Det var mange som var skeptiske til deg då du blei tilsett. Eg skal innrømma at eg var ein av dei. Du var så opptatt av bit for bit, bilde for bilde, og at vi skulle ta eitt steg av gangen. Du hadde nok det store bildet klart for deg, men let oss berre få éin bit av gongen. Det var irriterande i starten, men etterkvart som eg lærte deg å kjenna så har det blitt ein fryd å samarbeida med deg.

– I dag er vi mellom anna den tredje mest kostnadseffektive kommunen i landet. Mykje takka vera dine eigenskaper. Du er lyttande, analyserande, strategisk og flink til å få folk med deg. Du har losa oss politikarar på ein veg som vi kan gå.

– Vi har i dag eit større disposisjonsfond enn det Bergen har. Vi som kommune bør vera utruleg takksame for den jobben du har gjort. Vi er Hordalands beste kommune, kanskje ein av Noregs beste, takka Søviknes før han saman med varaordførar Marie Bruarøy overrekte ein skulptur av Arne Mæland og ein reisegåvesjekk frå det politiske miljøet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.