Politi | 05. jan. 2024

Avdekka svindelforsøk etter legebesøk

Måtte sperra kortet.

Avdekka svindelforsøk etter legebesøk
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. jan. 2024 08:49

Torsdag fekk politiet melding frå ei kvinne i 50-åra, som etter eit legebesøk hadde reagert på ei mottatt betalingslenke.

– Den viste seg å vera falsk. Kortet til meldar blei sperra og svindelforsøket blei stopp, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Lenkja skal ha kome frå ein aktør som utgav seg for å vera Convene, som leverer betalingsløysingar til blant anna ulike legekontor.

Midtsiden har etterpurd detaljar om episoden.

– Meldar skal ha vore hos lege dagen før, fekk ein sms med ei lenkje, men reagerte på noko av innhaldet då ho trykte seg inn på lenkja, forklarer Lyssand.

Convene har ei eiga informasjonsside om slik «SMiShing», som denne forma for svindelforsøk blir kalla.

Der gir dei følgjande råd:

  • Tenk igjennom om du venter en slik melding. Har du utestående saker hos oss?
  • Sjekk hvem som er avsender. Ofte er avsenderen ukjent, men ikke alltid.
  • Se på lenken i SMS-en. Svindlere bruker ofte å forkorte lenkene.
  • Se på språket og innholdet. Ofte vil det være informasjon som argumenterer for at det haster å klikke seg inn på en lenke.

Politiet har òg vore i trafikken i går.

På morgonen gjennomførte dei ein rus- og dokumentkontroll på Halhjem ferjekai.

59 trafikantar blei kontrollerte utan at politiet fann noko å reagera på.

I 12.40-tida hadde dei fartskontroll på E39 i 70-sona forbi vekta, ei sak vi omtalte i går etter samtale med UP mens dei pakka saman.

Det blei skrive ut fem forenkla forelegg, høgaste fart var 97 km/t, noko som resulterte i eit forelegg på 12.100 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.