Lokal | 10. jan. 2012

Avslørte kikaren

Ein sint osing ringte til kikaren. Då fekk han seg ei overrasking av dei sjeldne.

Avslørte kikaren
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. jan. 2012 11:11

Kikaren, ein tilreisande mann som nyleg blei pågripen og i går blei varetektsfengsla i fire veker, blei avslørt etter sms-tabbe i romjula:

Då kjærasten og dottera fekk ekle sms-ar blei mannen i huset forbanna, tok opp telefonen sin og slo inn nummeret meldingane kom frå, for å ringa og be han slutta.

– Då eg slo inn nummeret dukka det opp eit namn på telefonen min! Det viste seg at eg hadde nummeret hans lagra! fortel osingen.

– Eg fekk nesten sjokk, men lét telefonen ringa, legg han til.

Årsaka til at han hadde kikaren sitt nummer lagra var at han for ei tid tilbake hadde hatt noko med kikaren å gjera i jobbsamanheng.

– Men eg kjente han ikkje på nokon måte, har aldri møtt han, og hadde ikkje hatt kontakt med han på ei god stund.

Påske og jul

– Første runde med meldingar kom i påsken i fjor. Då sendte eg sms tilbake og sa at om ikkje han gav seg så ville eg koma og ta han.

"Skjelve, skjelve" skreiv kikaren tilbake. Ikkje redd, med andre ord. Men han gav seg.

I romjula kom nye tekstmeldingar. Det var då osingen bestemte seg for å ringa til han.

La seg flat

Mannen bak tekstmeldingane, som seinare viste seg å stå bak fleire tilfelle av kiking, sending av slibrige meldingar og onanering utanfor hus, svarte ikkje telefonen.

– Men då skreiv eg til han at han var avslørt, med både hans namn og mitt namn, Dagen etter ringte han meg opp igjen, frå eit anna nummer, og då la han seg flat.

Han innrømte at han hadde sendt meldingane og bad om unnskyld.

Det var natt til torsdag 29. desember at kikaren blei avslørt. Osingen trudde då at dette var eit enkeltståande tilfelle, så forholdet blei ikkje meldt til politiet.

Men då fleire kikarsaker dukka opp på nyåret skjønte osingen at politiet var interessert i tips.

– Eg gav dei namn og nummer i førre veke. Dagen etter blei han tatt.

Opptatt av nylonstrømpar

Tekstmeldingane mannen sendte gjekk til både mor og dotter, mor i 40-årsalderen og dottera på rundt 20 år.

– Det handla mykje om nylonstrømper, hugsar eg, seier osingen om innhaldet i teksmeldingane.

Kikaren skal også ha ringt til jentene, oppgjeve falsk namn, og byrja å snakka om kva kona hans heldt på med.

– Det er heilt ufatteleg. Dette er ein mann med kone og ungar, å oppføra seg sånn som dette er respektlaus både ovanfor eigen familie og andre sin familie.

Politiet burde informert

Etter at kikaren blei pågripen fredag var det fleire som blei letta. Men ikkje alle.

– Fleire har nok spurt seg sjølv: "Er dette den einaste kikaren?" Og dei som har blitt utsett for dette lurer nok også på om det er "deira" kikar som er tatt.

– Her synes eg politiet kunne gjeve offera informasjon. No viser det seg heldigvis at det er det same syndaren som er tatt i vårt tilfelle, og at han står bak fleire av dei som har vore i Os den siste tida.

– Men det kunne gjerne vi som har blitt utsett for dette, og som har tipsa politiet, fått veta mykje tidlegare, så jentene ikkje trengte å vera redde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.