Avslutta med nisseseglas
Piano blei med sin 4. plass beste båt frå Os i årets siste seglas, Nisseseilaset.


5 av dei nesten 50 båtane som avslutta sesongen med Nisseseilasen var frå Os. Hjellestad Seilforening er arrangør av det som er årets siste seglas i Hordaland.
- Vær og temperatur var fint, med lett skydekke og cirka 6 gradra. Vinden var 0 m/s i startområdet inne på Hjellestad, så starten blei flytta ut mot Raunefjorden, fortel Svein Skoglund, rormann på Os-båten Tina for II.
I den svake vinden blei løpet lagt frå start til ein bøye på nordsida av Lerøy til bøye sør for Tyssøyskjær til bøye sør for Kuholmen. Dette løpet blei segla to gongar før målgang ved innseglinga til Hjellestad.
- Spinnaker-start og lite vind, då blir det kamp om å koma seg i fri vind. Med så mange båtar på start var det ikkje lett, seier Svein.
Løpet var 11 nautiske mil. Den raskaste båten brukte 2 timar, 11 minutt og 57 sekund. Den siste båten i mål brukte 4 timar, 27 minutt og 13 sekund.
I klasse Lys 1.25 – 1.30 blei Marlin, med Hermod Opstvedt, nr 4 av 7 startande båtar.
I klassen med flest båtar, Lys 1.16 – 1.24, (17 startande), fekk Os-båtane følgjande plasseringar:
Nr. 4 Piano med Sverre Holm
Nr. 7 Tina for II med Svein Skoglund
Nr.11 Stella med Terje Eltvik
Nr. 12 Lisa med Paul Ø. Mehammer
- Dette var ei fantastisk fin avslutting på ein innhaldsrik seilsesong for båtene i Os Seilforening, seier Skoglund.
Resultatlister og fleire bilde frå regattaen finn du på: www.hjs.no
Bilde tekst: