Nore Neset idrettslag | 24. okt. 2021

Avslutta opprykkssesongen med stil

Nore Neset serverte målkalas også i siste runde.

Avslutta opprykkssesongen med stil
Trenar Odd Jarle Hjelle har hatt ein fin haust med A-laget til Nore Neset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. okt. 2021 10:48

Onsdag sikra Nore Neset opprykk til 5. divisjon på bortebane mot Viggo, laurdag runda dei av sesongen på heimebane mot Austevoll 2.

Med siger sikra dei seg også 1. plassen i avdelinga (2. plass ville også vore godt nok til opprykk).

Nore Neset - Austevoll 2 9-2 (5-1)
Målskårarar, Nore Neset: Adrian Kallekleiv Valle 4, Thomas Kopperud, Joakim Aasen, Erlend Sørås Storebø, Vegard Storum Hjelle og Christoffer Østgulen Hevrøy.

Nore Neset leiar 4-0 før gjestane reduserte på straffe.

Adrian K. Valle skåra fire mål på rad frå 4-0 til 7-2, det siste på straffe.

Adrian i 17-0-sigeren for nokre rundar sidan. I går skåra han fire på rad. (Foto: KVB)
Adrian i 17-0-sigeren for nokre rundar sidan. I går skåra han fire på rad. (Foto: KVB)

Med laurdagens målrike avslutting har avdelingsvinnaren no avslutta sesongen med utrulege 58 mål på dei siste 5 kampane.

Totalt blei det 67 mål og 11 baklengsmål på sesongens 8 kampar.

Nore Neset 2 ligg på 4. plass 1 poeng frå opprykk til 6. divisjon når to kampar står igjen.

Dei speler sesongens siste heimekamp i kveld frå klokka 18.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.