Nore Neset idrettslag | 08. okt. 2021

Har skåra 40 mål på 3 kampar

Nore Neset med nok ein tosifra siger.

Har skåra 40 mål på 3 kampar
Vegard Storum Hjelle skåra 5 av Nore Neset sine 13 mål i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. okt. 2021 07:01

Nore Neset hadde 10-1 og 17-0 som resultat i dei to kampane før dei i går tok imot Eikelandsfjorden til sjette serierunde.

Det enda med 13-2-siger, og Nore Neset har dermed skåra til saman 40 mål på dei tre siste kampane.

– Vi klarer å halda innsatsen oppe sjølv om vi leier mykje, det er kjekt å sjå, seier Vegard Storum Hjelle.

– Er det intern konkurranse som skaper intensitet til siste minutt?

– Neida, vi unner kvarandre å skåra, og sender ball om andre er i betre posisjon, også om vi har ei trygg leiing.

Vegard skåra fem mål i går, tre av dei kom i form av eit ekte hattrick i starten på 2. omgang. Han er også toppskårar i avdelinga, og står oppført med 9 mål på 6 kampar.

På 2. og 3. plass finn vi lagkameratane Thomas Kopperud og Erlend Sørås Storebø. Dei står oppført med 7 og 5 mål, men minst ein av dei har skåra fleire (Erlend har 7 til no).

Nore Neset - Eikelandsfjorden 13-2 (7-1)

Målskårarar:
1-0 Vegard Storum Hjelle
2-0 Adrian Kallekleiv Valle
3-0 Erlend Sørås Storebø
4-0 Markus Sørås Bjørnevik
5-0 Joakim Aasen
6-0 Vegard Storum Hjelle
7-0 Adrian Kallekleiv Valle
8-1 Vegard Storum Hjelle
9-1 Vegard Storum Hjelle
10-1 Vegard Storum Hjelle
11-1 Alexander Mjånes Tøssebro
12-2 Thomas Kopperud
13-2 Philip Moe Haugland

To lag siktar mot opprykk

Nore Neset toppar tabellen med 2 poeng meir enn Skjergard/Nordre Fjell 2, som har éin kamp mindre spelt. Dei to beste laga i avdelinga rykker opp til 5. divisjon.

– Sjølv om vi har solid målforskjell i dei siste kampane, er det framleis spennande. Vi har to kampar igjen, og vi bør slå Viggo borte i neste kamp, seier Hjelle.

Viggo er på 3. plass og ligg 5 poeng bak, men også dei med éin kamp mindre spelt.

Nore Neset toppar også tabellen i 7. divisjon med andrelaget. Her er det tre kampar igjen.

– Kva er suksessoppskrifta til Nore Neset?

– Vi er ein gjeng som har spelt mykje saman i oppveksten, og det er ikkje mange år sidan vi spelte i lag på Os 2. At vi trivst saman på fritida og er samspelte i kamp gjer at vi har det kjekt saman både av og på banen, forklarer Vegard.

– Det er så mykje positivt som skjer i idrettslaget at det er kjekt å bidra til at Nore Neset får eit A-lag som dei yngre har å strekka seg etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.