Næringsliv | 28. okt. 2010

Balanse blei butikk

Med slagordet «balanse, glød og handlekraft» vil Barbra Røttingen hjelpa både leiarar og medmenneske til å ha det betre med seg sjølv og dei som er rundt.

Balanse blei butikk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. okt. 2010 08:01

Føler andre seg vel i ditt selskap? Er du mentalt på bølgjelengd med dei du snakkar med, anten det er ungane dine eller ein kollega? Dette er blant det Barbra er opptatt av når ho underviser i leiarskap eller har personleg vegleiing med privatpersonar.

– Balanse kan handla om mykje, frå balanse i rekneskapen til balansert kosthald eller fornuftig forhold mellom jobb og fritid, seier Barbra Røttingen.

– For å vera truverdig som rådgjevar er det viktig at også eg sjølv føler meg i balanse, og nettopp det blei ein tidleg sideeffekt av å vera min eigen sjef, seier ho nøgd.

Ei gåve til seg sjølv
Barbra har mellom anna hatt stilling som oversjukepleiar på Kysthospitalet i Hagavik og har arbeidd som HMS-rådgjevar i fylkeskommunen. Etter dette var ho som dagleg leiar for Norlandia med og bygde opp organisasjonen som driv den private delen av Luranetunet. Så venta borebransjen og oppdrag som leiarcoach og HMS-koordinator.

– Eg elskar å jobba med leiarutvikling og arbeidsmiljø og gav det å starta firma i 50-årsgåve til meg sjølv. Tekniske detaljar er ikkje noko for meg, no vil eg berre driva med det eg liker best, og det eg trur eg er best på, seier Barbra.

Morgongry såg dagens lys
Namnet på firmaet hennar, Morgongry AS, er henta frå villmarksnamnet ho ein gong fekk av Jimmy Øvredal.

– Eg og bror min, Olav, kom ned til Øvredalen etter ein nattur i Gråfjellet. Det var dogg i lufta då Jimmy kom imot meg og sa «no veit eg kva villmarksnamnet ditt skal vera, du skal heita Morgengryets Dotter».

– For det første er det ikkje alle som får villmarksnamn av Jimmy, for det andre synes eg det var så vakkert, noko eg kan identifisera meg med, det er så passande for meg som både er glad i vill natur og tidlege morgonar.

Formidlar
Allereie som nyutdanna sjukepleiar i jobb på Kysten arrangerte Barbra undervisning for kollegaer på fritida. Å snakka framfor grupper eller vera med i komitear som arrangerer blåtur eller julebord er noko mange synes er pyton. Røttingen melder seg alltid frivillig.

– Eg liker å formidla eg let meg lett engasjera, innrømmer ho.

– Men det handlar også om interesse for pedagogikk og kommunikasjon. Ord er 7 prosent av kommunikasjonen, stemme og kroppsspråk seier mykje meir. Ein god formidlar evnar å bruka dette så bodskapen blir tydeleg og levande. God kommunikasjon handlar og om å vera tilstades for den du snakkar med og vera meir interessert enn interessant.

– Kven inspirerer deg?

– Det har vore fleire; foredragshaldarar og forfattarar som Egil Søby og Karsten Isachsen har gjort inntrykk, men også lærarar eg hadde i barndomen. Johan Angelskår og Sverre Eilertsen var fantastiske pedagogar.

Balanse, glød og handlekraft
Morgongry AS blei stifta 1. august i år. Førebels har Barbra stort sett hatt oppdrag i det ho kallar den varme marknaden, kundar ho har fått av eller via folk ho kjenner.

– Kvinne- og familieforbundet, Os kommune, kraftselskap, teleselskap og kjøpesenter har vore blant dei første kundane mine, fortel ho.

Som leiarutviklar har ho større tru på nøye individuell tilpassing enn på ferdigoppsett foredrag meint for gemene hop.

– Eg er veldig opptatt av prosessen med å bygga god gruppedynamikk og handling. Eg vil at kursa mine skal vera meir enn ei vitamininnsprøyting. Skal kunden, selskapet som bestiller meg, ha noko igjen for å senda tilsette på kurs, må dei oppleva ei endring som gagnar organisasjonen.

Derfor inkluderer kurset ofte ei oppfølging der Barbra kjem tilbake, gjerne ut i felten med dei tilsette, og ser korleis dei bruker det dei har lært.

Ditt val – ditt ansvar
Morgongry tar ikkje berre oppdrag for større selskap. Små grupper, firma som har interne konfliktar eller spesielle utfordringar, eller venninnegjengar og enkeltpersonar er også blant dei som kan ha bruk for coaching.

– Slagordet «balanse, glød og handlekraft» er noko eg tar alvorleg. Ved personleg coaching handlar det gjerne om relasjonar, viktige val, fysisk form og helse. Då fokuserer eg på kva val vi som menneske tar, bevisst og ubevisst.

Barbra meiner mange er for flinke til å trykka seg sjølv ned, men også til å skulda på andre eller på omgjevnadane for at livet eller jobben ikkje er som dei hadde håpa på.

– Realiteten er annleis. Alle vel det meste sjølv. Dette kan høyrast provoserande og enkelt ut, men det er fantastisk når du oppdagar kor lite som skal til om du vel å ha eit anna fokus. Det skal ikkje så mykje til for å bli ei betre kone eller ein betre far, eit sunnare menneske eller ein betre leiar. Det skal også lite til for å snu ein situasjon eller ein dag frå noko trist til noko godt, avsluttar Morgongryets Dotter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.