Kultur | 07. des. 2010

Bankar jula inn

I dag rauk «rekkverket» på gamlemoloen, i morgon startar pælinga.

Bankar jula inn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. des. 2010 11:57

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Os Sjøfront-prosjektet, som skal husa drygt 80 husvære i fire blokker mellom Os sentrum og Mobergsvikjo, skal stå på ei 4000 kvadratmeter stor kaiplate med ein 2000 kvadratmeter stor strandpromenada i front.

Kaien skal stå på 185 pælar. Arbeidet med å banka desse ned startar i morgon.

- Måndag i førre veke kom maskina og arbeidsflåten på plass. Ein del i maskina rauk, så pælearbeidet, som skulle ha starta onsdag i førre veke, måtte utsetjast, fortel anleggsleiar Gjermund Grønhaug frå Veidekke.

No er ny del på plass frå Tyskland og maskina skal vera nesten ferdig reparert. Går alt som venta blir maskina kjørt om bord på arbeidsflåten i dag for pælestart i morgon, onsdag.

Frå 7 til 19
Arbeidet med å banka ned 185 pælar startar inst ved land. Djupna varierer frå 3 til 20 meter, og 15-20 av pælane ligg klare på byggetomta.

- Vi kjem til å pæla frå klokka 7 om morgonen til 19 om kvelden, og frå klokka 7 til 15 laurdagar. Men i romjula tar vi fri, seier driftssjef Vidar Mjelstad.

- Så dei som bur i nærleiken bør kanskje droppa å gå på fest om fredagane framover, og heller venta til laurdag, så dei får sova ut dagen derpå?

- Ja, kanskje. Vi veit ikkje kor mykje støy det blir og kva retning lyden tar, men litt bråk blir det nok i ei tid framover.

Fester kaien i land
Den store kaiplata skal ikkje berre kvila på pælane, den skal også festast i land.

- Derfor held vi no på å bygga seks forankringspunkt. Parallelt med pælinga jobbar vi vidare med armering og fundamentering i sjø for å bygga desse seks, fortel Mjelstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.