Bankbygga er selt
2222 kvadratmeter har fått ny eigar. Fondet BBEI har selt både gamlebanken og bygget DNB er største leigetakar i.


Bildeserie:
For eitt år sidan blei Oshjørnet selt, no har Bb Eiendom Invest i KS (BBEI) også selt både det gamle og det nye bankbygget i Os sentrum.
Les òg: «Halve» Osøyro lagt ut for sal
Kjøparane er Espen og Knut Jarle Aspenes sitt selskap, Os Næringspark AS.
– Har tru på Osøyro
Alutec-brørne eig blant anna 10.600 kvadratmeter store Os Næringspark i Holtbrekka og fire utleigebygg på til saman 5.800 kvadratmeter i Kolskogheiane og Industrivegen.
– Vi har tru på Osøyro og synest desse bygga er både gode og interessante, seier Espen Aspenes til Midtsiden.
– Gamlebanken er eit smykke i seg sjølv og det nye bankbygget er stort og solid, med betongdekke som gjer lokala fleksible med tanke på flytting av innerveggar, seier Knut Jarle.
Dei to ferske sentrumsinvestorane vurderer allereie å laga ei opning mellom gamlebanken og det nye bankbygget for å lata det eldre huset stå fritt og for å skapa passasje og siktlinje til elva.
Vil fylla opp bygningane
Bygningane har eit samla areal på 2222 kvadratmeter, der 45 prosent allereie er leigd ut. Aspenes-brørne vil i første fase gjennomføra ei lettare oppussing av fasade og lokale og prøva å fylla bygga.
Seinare vil dei sjå på utviding og vidareutvikling i tråd med planar for Os sentrum. Tidlegare eigar hadde skisser med både fleire etasjar, fleire husvære og eit mini-kjøpesenter.
– Vi har også dette perspektivet, men det blir eit stykke fram i tid. Først vil vi få mest mogleg liv i bygningane og så vil vi sjå nærmare på kva vi kan få til i framtida.
Tomta er på 1755 mål og sjølveigande, så dei nye eigarane treng ikkje ta opp den harde kampen fleire andre huseigarar i sentrum har mot ekstremt høge innløysingstakstar frå Opplysningsvesenets Fond.
– Det blei vanskeleg for oss
BBEI var i utgangspunktet i gang med ei omfattande oppgradering av Os sentrum, både med investeringar og tett dialog med andre grunneigarar, «Liv på Øyro» versjon 1.0, om du vil.
Utløysande faktor skulle vera utviding og sal av husvære i Oshjørnet. Responsen var der, men prosjektet enda med ein årelang kamp med kommunen mot ulovleg etablering av nattklubb tvers over gata.
Nattklubben fekk sine pålegg, men var i drift nærmast heile perioden konflikten sto på. Oshjørnet blei i fjor selt til det kommunale selskapet Os Bygg og Eigedom.
– Kvifor vel BBEI å selja bankbygga?
– Det er ei lang historie, men kort fortalt viste det seg å vera vanskeleg å få til eit utviklingsprosjekt i Os sentrum, seier styreleiar Pål Martens.
– Vi hadde opprinneleg veldig konkrete planar om ei gradvis utvikling av fleire eigedomar, men fekk problem med å selja leiligheiter i nye Oshjørnet. Så blei vi einige med Os Bygg og Eigedom, som kjøpte bygget, og no er også bankbygga selt.
– Dialogen med brørne Aspenes har vore veldig hyggeleg og vi ønskjer dei lykke til med vidareutviklinga av bygga.
Buggegården er ikkje selt
BBEI har med salet berre éin eigedom igjen i Os, Brugata 22, også kalla Buggegården, huset der restauranten Engeline held til.
– Buggegården var ikkje interessant i første omgang, men kan bli det seinare, seier Aspenes.
– Vi er i dialog med fleire potensielle kjøparar av Buggegården, men den prosessen held ikkje fram før i 2015, seier Martens.
Fondet BBEI har også ein større eigedom på Smørås.
– Det er ei større tomt og eit meir langsiktig prosjekt, fortel styreleiaren i BBEI.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.