Lokal | 15. sep. 2019

Båt gjekk ned i Hatvik

Laurdag kveld kom det varsel om at den låg lågt, i natt gjekk den ned.

Båt gjekk ned i Hatvik
Båten ligg fortøydd bak busskuret på Hatvik ferjekai. I natt gjekk den ned. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. sep. 2019 09:02

Natt til søndag har ein turbåt gått ned i Hatvik. Båten låg på svai, fortøydd i land bak busskuret på ferjekaien.

– Statens vegvesen er grunneigar. Mannskap på ferjene varsla om at båten låg lågt i vatnet laurdag kveld, fortel varabrannsjef Erik Walden.

Han var sjølv ute og såg på båten, og fann ut at den flaut med grei margin, men fekk kontakt med eigar.

– Ifølgje eigar, som hadde lensa båten tidlegare på dagen, var det ikkje lekkasje, men inntak av regn som var problemet.

Gjekk ned i natt

Det regna tungt i Os laurdag kveld, noko som førte til stengte vegar også i Os. Men det skal ha vore mindre nedbør i natt.

Likevel gjekk båten ned i løpet av natta. Bildet Midtsiden har mottatt kom klokka 02.30 i natt.

– Eigar er varsla og vil prøva å få båten opp igjen i dag. Det er båteigar sitt ansvar, eventuelt grunneigar, om vi ikkje hadde funne eigar av båten, seier Walden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.