Båt på rek utanfor Halhjem - skrikande mann i Dalen

Brannvesenet tok hand om den eine, politiet den andre.

Båten låg på rek utanfor Halhjem, og det var frykt for at den skulle koma i konflikt med ferjetrafikken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. aug. 2021 09:46

Onsdag i 22-tida blei det meldt om båt på rek utanfor Halhjem.

– Seinare same kveld blei båten observert i innseglinga til ferjekaien, til fare og hinder for annan trafikk, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Klokka 22.42 varsla 110-sentralen at Bjørnafjorden brann og redning rykte ut med båt for å taua. Brannvesenet har Unik-båten sin liggande nettopp ved Halhjem ferjekai.

Det blei kort utrykking på brannvesenet i går. (Foto: KVB)

Ingen motor, ingen skipper

Båten er ei eldre snekke med raudt skrog og kvitt overbygg.

– Det var ingen folk om bord, fortel brannsjef Eivind Hovden.

– Det er ein eldre båt utan motor, som vi har aksjonert på tidlegare.

Brannvesenet har vore ute igjen i dag og lensa den for vatn. Det er uvisst kven som er eigar.

Fann narkotika

I 23.30-tida i går blei det meldt om mykje rop og skrik frå ein person i Hegglandsdalen.

Politiet kom i kontakt med mannen, som er i 30-åra. Han blei tatt hand om av helsevesenet.

Det blei funne mindre mengder narkotika i samband med aksjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.