Politi | 24. apr. 2023

Båt stolen frå Strøno

Oppdatert: Båt funnen.

Båt stolen frå Strøno
Bilde frå Finn-annonsen då eigar kjøpte båten. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. apr. 2023 14:35

Laurdag kveld blei ein båteigar i Strøno gjort merksam på at båten hans var vekke.

– Han som har båt i nabobrygga spurde om eg var utpå og fiska, men det var eg ikkje.

Båten, ein Bella 444 med 30 hk Mariner låg i ei vik nedanfor byggefeltet Sveingard i Nordstrøno, men er no vekke.

– Eg har vore og leita og eg vil melda det til politiet i kveld. Men om nokon ser ein båt som liknar, ein stad dei ikkje har sett den før, er det fint om dei gir meg ein lyd.

  • Båteigar sitt nummer er ... oppdatert: Båten er funnen!

– Faen, dette gjekk kjapt! Nokon ringte meg frå Drange og sa båten låg der. Dei hadde sett ein kar koma roande for halvannan veke sidan. Båten blei liggande, og dei la den ut på Facebook. I dag varsla dei også politiet. No håper eg båt og motor er uskadd.

Sist han såg båten var ein av dagen etter påske, altså for knappe to veker sidan, så det kan vera ei stund sidan den blei stolen. Han er også sikker på at den ikkje har slite seg, men at nokon må ha fjerna den.

– Det går an å køyra bil ned, men ikkje enkelt å få båt på land og med seg på hengar. Nøklane har eg heime, så eg vil tru at dei som har tatt den kom sjøvegen og at dei har slept den med seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.