Næringsliv | 02. feb. 2011

For båtfolk i vest

- Vi har så mange fine plassar på Vestlandet som alt for få veit om, seier Lise Kalstad. Tysdag lanserte ho Baatsans.no.

For båtfolk i vest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. feb. 2011 07:24

Lise Kalstad har nokre år bak seg i båtbransjen, blant anna for Skorgenes i Bergen. Ei einsleg kvinne som kjøpte seg ein flott 45 fot lang turbåt av Kalstad førte til erfaringar som gav ho ideen om ein ny portal.

- Vi har hytte på Feste i Lindås, så eg hadde mest erfaring frå korte båtturar med mindre båtar. Men kontakten med den kvinneleg kunden førte til vennskap og fleire fellesturar i båt. Eg blei kjent med mange nye, flotte plassar, og tenkte «dette skulle fleire visst om», fortel Kalstad.

Dårleg dekning
Kalstad er ikkje imponert over vestlandsdekninga til etablerte norske båtmagasin.

- Det hender dei tar for seg eit område, men stort sett handlar det om Sør-Norge, Austlandet og av og til Sverige.

- Med den skjergarden og den mengda med båtfolk vi har på Vestlandet syntes eg det var på tide å samla informasjon for båtfolk i vest på éi side.

I går lanserte ho baatsans.no - kystmagasinet i vest.

Vil samla båtfolket
Med utdanning og lag erfaring innan data tenkte ho at å driva ein portal for båtfolk på Vestlandet burde passa ho bra.

- Eg har fått eksterne firma til å programmera sida for meg, men bestemt meny, innhald og funksjon sjølv. Målet er å etablera baatsans.no som ein naturleg samlingsplass for båtfolk, og å få inntektsgrunnlag for å utvida med fleire tilsette.

Stor jobb - lang tur
Frå ho våren 2010 bestemte seg for å starta baatsans.no og fram til lansering i går har mykje av tida gått med til å markera båthamner i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i kart.

- Hamneoversikta er ei av dei mest omfattande tenestane på baatsans.no. Den tok også tid å laga, å finna mest mogleg informasjon om 300 hamner kravde bra innsats, det gjorde også jobben med å markera dei i kart.

På baatsans.no kan du velja mellom fleire ulike typar kart, også sjøkart, og finna hamner med bilde og informasjon om nærområda til båthamnene på Vestlandet.

- Eg har også vore på lange turar på Vestlandet for å ta bilde av hamnene. I tillegg har det blitt reising til blant anna båtmessa i Southampton i England i januar.

- No ser eg fram til båtmessa i Bergen i februar og til våren, sesongstarten og nye fotorundar i den vakre vestlandsskjergarden, seier Lise Kalstad.

PS! Synes du etternamnet til Lise verkar kjent? Då er det kanskje fordi ho er mor til Daniel Kalstad, den raske angrepsspelaren som spelte på Os med numer 2 på ryggen førre sesong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.