Næringsliv | 15. feb. 2019

Bedehuset i Hagavik er selt

Kjøpar har ikkje bestemt kva han vil bruka eigedomen til.

Bedehuset i Hagavik er selt
Bedehuset i Hagavik er nesten hundre år gamalt. No er det selt.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. feb. 2019 09:40

Bildeserie:

Med eigedomen følgjer ei tomt på rundt to mål.
Med eigedomen følgjer ei tomt på rundt to mål.
Bedehuset skal ha vore i bruk omtrent heilt fram til det blei selt.
Bedehuset skal ha vore i bruk omtrent heilt fram til det blei selt.
Framtidig bruk er ikkje bestemt.
Framtidig bruk er ikkje bestemt.
Bygget kan bli bustad eller annan form for forsamlingshus.
Bygget kan bli bustad eller annan form for forsamlingshus.
1 av 4
Med eigedomen følgjer ei tomt på rundt to mål.
Bedehuset skal ha vore i bruk omtrent heilt fram til det blei selt.
Framtidig bruk er ikkje bestemt.
Bygget kan bli bustad eller annan form for forsamlingshus.

Det snart 100 år gamle bedhuset i Strønevegen er selt til ein investor frå Lønningdal.

Eigedomen blei lagt ut for sal på Finn.no av Eiendomsmegler Vest i desember i fjor. Prisantyding var på rundt 800.000 kroner.

Bedehuset blei selt for 500.000 kroner.

Seljar var Hagevik Indremisjonsforening, kjøpar er firmaet Glass & Tre AS.

– Eit røvarkjøp

Kjøpar er nøgd med handelen, og prisen.

- Nesten to måls tomt med eit solid og bra vedlikehalde bygg, sentralt plassert, kan ikkje karakteriserast som noko anna enn eit røvarkjøp, meiner Rolf Lunde hos Glass & Tre AS.

– Det er mange forsamlingshus og liknende bygg til sals, men problemstillinga til dei fleste av dei er at dei først blir bestemt selt etter å ha stått ubrukt i mange år. Manglande bruk og tilsyn fører ofte til alvorlege skader på bygningane.

Sånn kjøpar har forstått det har bedehuset i Hagavik vore i bruk omtrent til det siste. Kjøpar har heller ikkje konstatert alvorlege manglar.

– Det gjorde heller ikkje seljar sin takstmann, som sette teknisk verdig på bygg, utan å rekna med tomta, til 1.850.000 kroner, opplyser Lunde.

Kan bli bustad

Kjøpar har ein langsiktig strategi med satsinga, og skal i første omgang gjennomføra ei utvikling av tomtearealet og noko opprusting av sjølve huset.

Førebels er det ikkje tatt stilling til kva som blir framtidig bruk, men Lunde opplyser at Glass & Tre AS vil trø fram med varsame steg og vurderer no fleire alternative bruksområde.

– I dette ligg alt fra ombygging til bustad til forsamlingslokale, eller annan publikumsretta aktivitet.

Ikkje til eige bruk

Glass & Tre AS kjem ikkje sjølv til å ta eigedomen i bruk. Deira verksemd er lokalisert på den sokalla Fabrikkplassen i Lønningdal.

– Her var det opprinneleg ein liten møbelfabrikk som vi kjøpte i 2014, og som Glass & Tre AS i ettertid sjølv har totalrehabilitert.

– I tilllegg til å vera nøgd med fasilitetane på land, har vi ein langsiktig leigeavtale med ein av dei andre grunneigarane i Lønningdal om disponering av eit større kaiareal. Vi bruker kaien i samband med den aktiviteten vår som rettar seg mot bygging av trekaiar og brygger, fortel Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.