Kultur | 20. aug. 2009

Benoni på Ole B

Arne Benoni har spelt for 120.000 publikummarar i Nashville og vore på turne med Lynn Anderson. Laurdag spelar han på Kafé Ole B. (OBS! No med rett dato)

Benoni på Ole B
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. aug. 2009 21:01

Laurdag 29. august (ikkje 22. som du kanskje først skulle tru) kjem Arne Benoni til Os, for å halda konsert på Kafé Ole B.

- Det er ikkje første gong vi har Benoni på besøk. For 5-6 år sidan, før vi fekk tilbygget, rigga vi scene utandørs, opna skyvedørene og hadde stinn brakke med publikum inne, fortel Reidar Engelsen.

Engelsen har lenge vore medeigar i Oleanna Eigedom AS, selskapet som eig bygningen kafeen og puben i Lysefjorden held hus i. I sommar kjøpte han ut medeigar Helge Oksnes, i tillegg kjøpte han Oksnes sitt driftsselskap, Oleanna AS.

- Denne gong var det Benoni-managementet som ringte oss. Dei har gode minne frå konsertane han har hatt her, og hadde tid til ein jobb no i slutten av august. Eg takka ja og har lagt ut rundt 200 billettar for sal, fortel Reidar.

Countrystjerne frå nord
Arne Benoni, eller Benonisen, som han eigentleg heiter, blei fødd inn i ein musikkglad familie i Flakstad i 1951. Som fjortenåring byrja han å opptre, inspirert av idolet Jim Reeves, men det var først etter skilsmisse i 1982 at han gjorde karriere av talentet sitt. Debutalbumet "Blue Boy", med fleire kjente engelske countrysongar, men også med eigne låtar, på nordnorsk, kom ut same år. Arne Bendiksen fekk LP-en ut på marknaden.

Seinare har det blitt konsertar både i Noreg og i utlandet, på små nattklubbar og på store festivalar. Benoni har blant anna spelt på countryfestival på Wembley og på Grand Ole Opry i Nashville. Han har sunge duett med Dottie West, og med Lynn Anderson (kjent for "Rose Garden"). Anderson er med på tre duettar på det nyaste albumet til Benoni, "I´m Coming Home" (2007).

Det kan vera fleire grunnar til at Benoni likar seg godt i Lysefjorden, puben har nemleg nesten same namn som det store danske bookingselskapet Arne har samarbeida mykje med sidan 2001, CB & Ole B Booking.

Kjelde: Wikipedia

Under kan du sjå musikkvideo til låta "Angel of Mercy", spelt inn i Little Rock, USA.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.