Lokal | 28. okt. 2020

Ber bilførar melda seg etter samanstøyt med sparkesykkel

– Han prata med jenta etter ulykka, og trur sikkert at ho var uskadd, seier politiet.

Ber bilførar melda seg etter samanstøyt med sparkesykkel
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. okt. 2020 08:32

Politiet ber bilførar og eventuelle vitne melda seg etter eit trafikkuhell på Haugland måndag ettermiddag.

– Uhellet skal ha skjedd i 17-tida måndag, i krysset mellom Reset og Velumsbrekkene, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Ein bil og ein elektrisk sparkesykkel kom borti kvarandre. Bilførar skal ha gått ut av bilen og prata med jenta, før vedkomande køyrde ut på E39.

– Bilførar trudde nok at jenta var uskadd og at alt var greit, men så viser det seg at ho fekk litt skadar, og vi ønskjer kontakt med vedkomande.

– Ingen er mistenkte for nokre lovbrot, presiserer Birkeland.

Dårleg skodd

Politiet har elles, frå tysdag, lite å melda.

– Vi stoppa ein bil på E39 med dårlege dekk. To av dekka hadde berre 1 mm mønster, og bilførar fekk gebyr på 2 x 750 kroner.

– Det er verdt å sjekka dekka no når vi går mot vinter. Minstemål på vinterdekk er 3 mm, og blir du tatt med for dårlege dekk så kan det kosta nesten like mykje som nye, åtvarar han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.