Lokal | 08. feb. 2012

Ber om bensinstasjon-tips

Brannsjef Stein Gjøsund jaktar vidare på årsaka til blyforgiftinga av svanene i Os hamn.

Ber om bensinstasjon-tips
Svanefamilien i dag, der eine svaneungen lufta vengene eit lite stykke oppe i Oselvo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. feb. 2012 15:37

Medan far i svaneflokken, Hamnesjefen, blei behandla for blyforgifting, blei det oppdaga at også minst ein av ungane også er blyforgifta. Ungen har ikkje dei same symptoma som faren hadde, men har same blynivå i blodet.

Les òg: Fleire er blyforgifta

Os brannvesen, som i utgangspunktet har ansvar for akutte forureiningsproblem, følgjer opp saka, og brannsjef Stein Gjøsund har vore i kontakt med fleire eksterne ekspertar, både hos fylkesmannen og hos Rpdgivende Biologer.

– Vi vil ta prøvar av både siv og av grunnen i Oselvo, seier Gjøsund.

Restar etter gamal bensinstasjon

Publikum har også engasjert seg, og eit av tipsa som har kome inn går ut på at botnen i delar av Oselvo kan vera forureina av dumpa bilbatteri etter ein bensinstasjon som på 50-60-talet ved elva, låg nær der Tanngarden og Kløvertun ligg i dag.

– For at vi skal finna best mogleg plass å ta prøvar av botnen er vi no på jakt etter tips om mest mogleg eksakt plassering på denne stasjonen.

– Om det er nokon som kjenner Os godt frå gamalt av håper vi at dei vil ta kontakt, seier Gjøsund.

Brannsjefen treff du på telefon 56 57 53 44

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.