Lokal | 20. mai 2014

Ber om disp frå gang- og sykkelveg

Bjånes Fjordboliger AS ber om dispensasjon frå rekkjefølgjekravet om gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen.

Ber om disp frå gang- og sykkelveg
Felta Bjånes Fjordboliger AS søkjer om oppstart på ligg lengst sørvest i kommunedelplanen (ill: Asplan Viak for Os kommune)
Andris Hamretirsdag 20. mai 2014 07:20

Då kommunedelplanen for Bjåneshalvøya blei godkjent i kommunen på slutten av 2012 blei det lagt inn fleire rekkjefølgjekrav, mellomanna eitt om at gang- og sykkelveg langs fylkesveg 552 Hatvikvegen frå Hegglandsdalskrysset til krysset ved Bjånes Vest (Klyva), skal vera opparbeida seinast før den første bustaden er innflyttingsklar.

Områdereguleringa for Hatvikvegen blei i desember 2013 lagt ut for offentleg ettersyn, men er enno ikkje ferdig handsama i kommunen.

Les òg:
Krev sikker veg
Vil trygga skulevegen
Vil sikra jorda

Vil nytta Midtbøvegen

Akvator AS har på vegne av Bjånes Fjordboliger AS no søkt kommunen om løyve til oppstart av områderegulering, men tilhøyrande detaljregulering for fleire av områda på Bjånes, inkludert samlevegane 1 og 2.

I søknaden om oppstart av detaljregulering for felta B1 og T1 (Dei to felta lengst sør/vest i kommunedelplanen, nærmast Os) ber Bjånes Fjordboliger AS om dispensasjon frå rekkjefølgjekravet om gang- og sykkelveg:

«Bjånes Fjordboliger ønskjer ei god framdrift på utbygginga av Bjåneshalvøya. Eit slikt rekkjefølgjekrav knytt til første realiserte bustad vil utsetja utbygginga monaleg.

Det er såleis ønskjeleg å vurdera dispensasjon frå kravet for eit definert tal på bustader.

Argument for ei slik tilpassing er, forutan framdrift, også knytt til tal på bustader, alderssegementa som planen legg til rette for, og at eksisterande busslomme ligg 100-200 meter frå planområdet.

Som avbøtande tiltak i ein mellombels fase vil ein vurdere bruk av Midtbøvegen som ferdselsåre for mjuke trafikantar. Det skal i denne samanheng vurderast mindre trafikksikringstiltak på denne strekninga.»

Vil flytta barnehage

Feltet T1 er i kommunedelplanen sat av til offentleg eller privat tenesteyting (barnehage, journ.mrk). Denne ønskjer ein flytta ned til ein meir sentral plass på Bjåneshalvøya.

– Os kommune har i dag god barnehagedekning. Det er såleis ikkje behov i eit kommunalt perspektiv for å realisera ein barnehage i dette området i den komande perioden. Me vurderer det slik at målgruppa for ein barnehage på Bjåneshalvøya i hovudsak vil vera familiar knytt til dei nye utbyggingsområda. I dette perspektivet meiner me at ein barnehage bør liggja tettare på dei konsentrerte utbyggingsområda, sentralt i feltet. Aktuell plassering kan vera innanfor BA1 eller B3-4, skriv Avantor i oppstartssøknaden.

Søknadane skal behandlast av Plan- og bygningsutvalet førstkomande torsdag.

Les òg:
Kan få byggestart i 2015

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.