Ber om fleire tips
Politiet har fått inn tips, men håper på fleire. Kor tid skulen vil opna igjen er uklart.


Politiet jobbar på spreng med å etterforska trugsmål-saka mot Søfteland skule. Med assistanse frå politiet og auka innsats på eige kontor håper lensmann Rasmus Dalen på etterforsking med resultat.
- Til no har vi fått inn nokre tips, men vi håper fleire der ute har noko dei vil dela med oss. Fleire formar for opplysingar kan vera til god hjelp i det arbeidet vi no held på med, seier Dalen til Midtsiden.no.
Ifølgje rektor Kåre Lutro kom trugsmålet per brev. Brevet blei mottat måndag, men tilfeldigvis ikkje opna før tysdag morgon. Skuledagen gjekk som normalt tysdag og onsdag, men osndag blei det bestemt å stenga skulen torsdag og fredag.
- Det er noko med desse dagane, sa Lutro til Midtsiden.no onsdag ettermiddag.
- Dette vil eg ikkje kommentera, seier Dalen.
- Men kan det bli aktuelt å opna skulen igjen måndag, utan at de har ein mistenkt?
- Ja, det kan bli aktuelt, men det er tidleg å seia.
- Har de eller skulen planlagt å gå ut med noko informasjon til føresette før helga?
- Vi har tett dialog med administrasjonen i kommunen, men etter det eg kjenner til er det førebels ikkje konkrete planar om ny informasjon ut til føresette, seier lensmannen.