Lokal | 14. nov. 2019

– Å berre seia «ok» til vegvesenet er ikkje vegen å gå

Trine Lindborg vil kjempa vidare for trafikktryggleiken på Søfteland og i Lysefjorden.

– Å berre seia «ok» til vegvesenet er ikkje vegen å gå
Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap), vil kjempa vidare for trafikksikrings-tiltak. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 14. nov. 2019 20:14

I mars i år kunne Trine Lindborg (Ap) fortelja at ho som pendlar i åresvis hadde uroa seg over trafikksituasjonen på E39 gjennom Søfteland.

– Eg køyrer til og frå arbeid på Sandsli kvar dag. Kvar dag kjenner eg at det knyt seg når eg nærmar meg Søfteland. Korleis kan dette vera greitt? sa Lindborg, som no har kortare veg til jobb.

Lindborg undra seg vidare over skilnadane i reglementa;

– Vi sit og flikkar på meteren med krav og korreksjonar frå Statens vegvesen når vi skal byggja den nye skulen på Hjelle. Her er det strenge krav til siktlinjer og utforming på alle ting vi skal gjera. Eg slit litt med å sjå logikken i at situasjonen tilsynelatande er ok på Søfteland, mens heilt andre krav gjeld ein annan stad.

Strakstiltak?

I møte i Plan- og bygningsutvalet (PBU) 7. mars sat utvalet med eit svar frå Statens vegvesen.

Statens vegvesen kunne fortelja at dei hadde sett på saka, og hadde følgjande tilråing:

«Vi vil anbefala å forsterka belysning ved desse to gangfelta på E39 Byvegen ved Heglybakken (hp 15 m 4065) og ved Langedalen (hp 15 m 4407). Når det gjeld finansiering er det ikkje sett av midlar i Handlingsprogrammet for 2018-2023 (2029) til belysning på Søfteland. Veglys langs E39 vil bli vurdert opp mot andre tiltak på europavegnettet som vegvesenet har ansvaret for».

I politisk kvarter i PBU 3. oktober valde Lindborg på ny å løfta saka. Ho etterlyste svar og progresjon i saka.

Eit samla utval sa seg samd i Lindborg si uroing over både gangfeltet ved Joker-butikken og fortauet som ligg på høgre side etter butikken, retning Os.

– Her er det ikkje autovern og fortauet er så smalt at du kjenner suget frå tungtransporten som dundrar forbi, sa Lindborg.

Etter ein kort diskusjon vart utvalet einige om å be administrasjonen senda eit nytt brev til Staten vegvesen, med spørsmål om ei forskottering frå Os kommune ville få vegvesenet til å gjennomføra utbetringane som eit strakstiltak.

Eit prioritert tiltak

21. oktober skreiv avdelingsleiar samferdsle og VA, Agnete Haugland, følgjande til Statens vegvesen:

«Viser til tidlegare hendvendinger om lysregulering ved fotgjengerfelt E 39 Søfteland Jokerbutikken. Dersom det ikkje lar seg gjera ønsker Os kommune at det vert etablert rekkverk langs fortau frå busstopp og nordover mot kryss E39. Sikring av fortauet med rekkverk er eit prioritert tiltak i TS planen til Os kommune og vi vil be om at dette blir prioritert hos SVV. Os kommune kan om mogleg forskottera denne utbetringa.»

Midtsiden fekk svar

Vi har i mellomtida teke initiativ til å søkja svar frå Staten vegvesen i saka, og sendte følgjande spørsmål til vegvesenet:

– Er situasjonen/ uroen til PBU i Os kommune prioritert hos Statens vegvesen? Om ikkje - kvifor?

– Os kommune skriv at dei om mogleg kan forskotera eit autovern - kan dette vera ei mogleg løysing?

I ein epost fekk vi følgjande svar frå Bente Isdal ved Statens vegvesen:

– Ønsket om veglys og rekkverk er meldt vidare.

– Når det gjeld finansiering så er det ikkje sett av midlar i Handlingsprogrammet for 2018-2023 (2029) til forsterka veglys og rekkverk ved gangfeltet på Søfteland. Veglys og rekkverk langs E39 vil bli vurdert opp mot andre trafikksikringstiltak på europavegnettet som vegvesenet har ansvar for. Det er heller ikkje prioritert midlar i statsbudsjettet for 2020.

– Vi forskotterer ikke lenger tiltak på vegnettet på denne måten.

Vil halda fram å løfta denne saka

Trine Lindborg, som no er ordførar i Bjørnafjorden kommune, er ikkje overraska over svaret til Statens vegevesen.

– Eg veit ikkje kor mange gongar eg har løfta denne saka politisk, men så lenge det ikkje skjer noko, kjem eg til å halda fram å løfta saka.

– Eg er oppteken av å vera ein handlingsorientert politikar, og å berre seia «ok» til det siste svaret er ikkje vegen å gå.

Lindborg løfta i same møtet i PBU 3. oktober situasjonen i Sperrevikvegen i Lysefjorden.

– Her er situasjonen den same; det er ikkje samsvar mellom kva som i si tid vart bygd, og kva dagens situasjon inneber for dei som skal nytta vegen. Eg får jamleg tips og meldingar frå innbyggjarar som ber meg som politikar å løfta det dei opplev som farlege situasjonar i kvardagen.

På spørsmål om kva Lindborg tenkjer om det siste svaret til Statens vegvesen, seier ho følgjande;

– Vi må berre halda fram å stilla spørsmål. Dette handlar om det verkelege livet til veldig mange, og meiner vi må snu kvar einaste stein i ei sak som dette. Ein eller annan plass der ute må det jo kunne finnast ei praktisk løysing.

Kan ikkje røra vegen

Agnete Haugland skriv i ein epost til Midtsiden at Statens vegvesen allereie har vore på synfaring og konkludert med at autovern kan det ikkje bli. Til det er fortauet for smalt.

– Kan det vera aktuelt å setja opp eit autovern sjølv? I så fall, har nokon sett på pris, og har kommunen lov til å gjera «inngrep» på ein europaveg, om det skulle visa seg å vera politisk vilje i Os/Bjørnafjorden å sikra for eigen rekning?

– Når det gjeld finansiering/prioriering hos SVV så er det ikkje sett av midlar i Handlingsprogrammet for 2018-2023 (2029) til forsterka veglys og rekkverk ved gangfeltet på Søfteland. Veglys og rekkverk langs E39 vil bli vurdert opp mot andre trafikksikringstiltak på europavegnettet som vegvesenet har ansvar for. Det er heller ikkje prioritert midlar i statsbudsjettet for 2020.

– Tiltaka vert lagt inn i vår TS plan med høg prioritet. Men når det gjeld eventuelle tiltak som skal utførast på E39 må dette utførast av Statens vegvesen, avsluttar Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.