Berre tre svaneungar igjen
Torsdag var det klekking av dei første av ni egg. Fire dagar seinare var det berre tre svaneungar igjen.
Torsdag 18. mai starta klekkinga av årets kull hos knoppsvanene som hekkar i Oselvo. Familien har stort sett hatt 5-7 ungar i året sidan dei i 2011 kom til Oselvo.
Det såg ut til å vera ni egg i reiret i år, men det skal berre ha vore seks ungar som var på svømmetur med foreldra dagen etter.
Måndag, fire dagar seinare, er det berre tre ungar igjen.
– Det er normalt at éin eller to ikkje klarer seg, men dette er spesielt, seier svanebokforfattar Sølvi Bugge.
Ho er redd for at nokon plager svanene, og ber folk varsla om dei ser at nokon er stygg med fuglefamilien.
– Det har vore observert nokre ungdomar som sto ovanfor reiret, på motsett breidd, og kasta stein. Svaneparet var då lengre nede i elva, og det kan godt hende at desse ungdomane ikkje var der for å plaga fuglar.
– Men vi er fleire som vil følgja med og eg håper folk seier ifrå om dei ser uønskt aktivitet nær reiret eller svanefamilien.