Sport | 23. mai 2009

Best rundt Huftarøy

- Å ligga midt i Langenuen i lite vind er dårleg butikk, seier vinnar av Huftarøy Rundt, Kåre Perry Solibakke.

Best rundt Huftarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. mai 2009 09:21

Bildeserie:

1 av 6

Det var rekordstor deltaking i Huftarøy Rundt på torsdag. Det kom båtar frå seglforeiningar på Stord, Os, Austevoll, Milde, Hjellestad, Bergen, Ran, Askøy, Åsane og Nordhordland for å vera med. Båtane blei delte inn i 4 klassar, Tur, Lys t.o.m. 1.30, Doublehand og Lys f.o.m 1.21.

38 båtar med til saman rundt 200 seglarar om bord kjempa som ein blanding av idrettsutøvarar og meteorologar ned Langenuen.

For sjølv om seglaset starta med fin s/ø 5 m/s vind, blei det brått stille i Langenuen. Og i stille vind må seglarane bli litt vitskapsmenn for å finna vind.

- Vi var berre tre om bord, litt lite i mykje vind, men passeleg slik det var torsdag. Vi hadde god tid på oss, men måtte heile tida gjera vurderingar, seier Kåre Perry Solibakke.

Få feil
Dei som følgde vindbeltet frå Bjørnefjorden tok leiinga i starten av Langenuen, men blei liggande midt mellom Reksteren og Austevoll.

- Der har eg lagt før, og då eg såg Jardeng forsvinna frå oss langs land på Reksteren-sida så bestemte eg meg for "aldri meir skal eg ligga her".

- Eg er kanskje ikkje så dyktig som seglar, men segling er som bridge, det gjeld å gjera få feil. Så eg har fokus på å gjera færrast mogleg feil, forklarar Solibakke om sigeren i både den største klassen 15 båtar i lys t.o.m. 1,20) og overall.

Godemine kom i mål på 5.53,58, knappe 13 minutt framfor Endorphin på 2. plass, men rundt halvannan time før Harald Ingebrigtsen i Brigten.

Vind og vatn
Etter å ha lagt rundt to timar i Langenuen fekk seglarane vind igjen frå Tobbholmane og opp til runding Kalstadboen og vidare opp Bekkarviksundet med spinnaker.
Etter brua blei det mindre vind igjen, men det gjekk brukbart nordover mot Austevollshella. Etter den nye brua minka vinden. Det hadde regna og spinnakarane blei våte, tunge og vanskelege å få til å stå i den svake vinden.

Otto Hægland, som var startbåt, hadde avkortet og lagt målgang ved Lindolmen nord for Hufthammer. Då det var cirka 100 meter igjen til mål kom vinden plutseleg frå nordaust. Spinnakeren måtte ned i en fei og genoaen opp og seglarane kunne gå i mål med stil. Båtene lenger bak fekk same vind samstundes og fekk ein fin kryss inn til mål.

Etterpå var det samling i Kvernavika til varm og god betasuppe og premieutdeling.

Vinnarane
"Godemine" sine val i Langenuen førte til siger i klasse t.o.m 1.20. og overall.
Nr. 2 i klassen blei "Endorphin" med Gunnar Smilden, ein ny seglar for året i Os Seilforening. Nr. 3 i klassen ble "Tina for II" med Svein Skoglund, også han frå Os.

Klasse Doublehand blei vunne av "Amaryllis" med Inge André Utåker frå Askøy. Nr 2 "Vito" med Nina Rosenlund frå Ran og 3. plass gjekk til ”Gleden” med Finn Espeseth frå Askøy.

Klasse f.o.m. 1.21: Nr 1 "Amaelia" med Sigurd Utbjoe frå Stord, nr. 2 "Ollie Royal" med Svein Andre Hol frå Askøy, nr. 3 "Hyggen IX" med Leif Martin Drange frå Bergens seilforening.

I turklassen blei det trukke ut éin premie blant startande båtar. Sju båtar braut seglaset då dei ikkje kom seg ut av stillebelta. Resten av båtane fullførte med stil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.