Sport | 25. mai 2009

Beste klubb

Os Karateklubb hausta seks medaljar i eit ope meisterskap i Haugesund i helga.

Beste klubb
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mai 2009 20:51

Os Karateklubb stilte med ni deltakarar i eit ope karatestemne i Haugesund i helga. I tillegg til mange medaljar, fekk klubben og med seg bestemannsprisen.

- Klubben har mange talent på fleire nivå, og det blei svært gode resultat også på dette stemnet, seier instruktør Heine Øvredal.

Det er for tida eit breitt spekter av utøvarar i ungdomsgruppa til klubben. I den yngste klassen merkte søskna Vilde og Tiril S. Haaland seg ut med god innsats og flotte teknikkar. I denne aldersgruppa er det ikkje rangering, men det trengst jo heller ikkje for å visa at ein er god.

Gull og sølv
- 12-13 årsklassen var spennande, og alle dei tre som deltok frå oss, gjorde godt inntrykk på dommarane. Vegard Gjøsund har vist ekstra lovande takter på trening og talentet gjekk heilt til topps i denne tevlinga.

Benjamin Fimreite kom òg til finalen, men måtte nøya seg med sølv denne gongen.

Eivind Eknes Bruarøy debuterte på dette stemnet og hadde god innsats og fine teknikkar. Eit perfekt, høgt spark skaffa han ei solid leiing i første kampen, men det vart eit knepent 4-3 tap til slutt. Dei tre kameratane var godt nøgde med gull og sølv i klassen sin.

Bestemannspris til Åsmund
Nikolai Reed-Larsen og Åsmund Slettevold stilte i 14-15 årsklassen. Nikolai enda på 4. plass etter god innsats, medan Åsmund ikkje var truga på noko tidspunkt på veg mot gullmedaljen i kampklassen.

- 9-0 viste poengtavla i finalen, og denne var ei god oppsummering av kampane hans denne dagen, meiner Heine.

Ikkje eit einaste poeng gav han vekk. Det gjekk nesten like bra i katatevlinga for stortalentet. Gullet glapp med 0.6 poeng, så det var nære på at dagen vart heilt fullkomen. Han var uansett godt nøgd med sølvmedaljen i denne konkurransen Vinnaren var trass alt to år eldre, grunna samanslåtte kataklassar.

Arrangørane la merke til den ekstraordinære innsatsen og var heller ikkje i tvil om at Åsmund fortente bestemannsprisen for gutar.

Bronse til krinsmeister
I klassane for 16-17 åringar stilte Tonje Skeie Hjelle og Henrik Reed-Larsen. Tonje arbeidde godt med oppgåvene ho hadde fått for stemnet, men møtte sterk motstand denne gongen.

- Det blei bronsemedalje på krinsmeisteren vår denne gongen.

Henrik nådde finalen, men der blei det eit knepent 2-1-tap.

Han liker ikkje å tapa, men var likevel ganske nøgd med ein ny sølvmedalje i den veksande trofêsamlinga si.

Slått ut av sjukdom
Bjarte Storum måtte halda senga denne helga og kjempa mot sjukdom – ein noko meir uventa motstandar enn han hadde førebudd seg til.

- Erlend Slettevold og Stian Nilsen hadde som coachar førebudd utøvarane godt. Hovudtrenar i Os Karateklubb, Cato Bruarøy, var godt nøgd med at alle dei erfarne utøvarane tok medalje og at dei yngste gjorde ein svært god figur.

- Det var spesielt gledeleg at Åsmund, som nett har gått opp ein klasse, gjorde det så godt. 6 medaljar er svært bra på eit slikt stemne, som er ope for alle stilartar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.