Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø – ny bruk av gamle bygg i strandsona
Skal vi ta vare på desse miljøa, må vi også akseptere at bruken endrar seg når samfunnet endrar seg.

Kommunane har ei sentral rolle når nasjonale mål og føringar skal omsetjast til praktisk arealpolitikk. Dette legg føringar for framtida til naust, sjøhus og andre kulturmiljø langs kysten.
Regjeringa lanserte i 2025 Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø. Noreg er ein havnasjon, langs kysten finn vi gamle spor etter busetjing og næring. Strategien trekkjer fram «Naust og sjøhus – sjøen som ressurs» som eit prioriterte områda.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen skriv i forordet: «Målet er å bevare, og samtidig finne smarte, langsiktige løsninger som gir nytt liv til kulturmiljø og som skaper verdier for framtiden.»
Dette bør få konsekvensar lokalt, det må inn i kommunalt planverk og forvaltningspraksis.
Riksantikvaren har lenge peikt på tap av naust og sjøhus, og har framheva vern gjennom bruk som ei berekraftig tilnærming. Bevaring og bruk kan bidra til næringsaktivitet, grønt skifte og gode lokalsamfunn.
Å ta vare på bygg handlar også om klima og ressursbruk. Regjeringa sin handlingsplan for sirkulær økonomi vektlegg ombruk og redusert ressursbruk. Å gje eksisterande naust og sjøhus nytt liv er sirkulær økonomi i praksis, dette framfor å ta nye areal i bruk.
Naturavtalen som Noreg var med på å vedta i Montreal i 2022, har som mål å ta betre vare på naturen. Bruk av eksisterande bygg redusere behovet for nye inngrep.
Kystkultur handlar dessutan om meir enn bygningar, det fortel historia om korleis folk levde med og av sjøen. Det representerer handverk, kunnskap, identitet og tilhøyrsle.
Dersom bygningane blir ståande utan bruk mistar vi ein del av den levande kystkulturen.
Dette er relevant for alle kystkommunar, der naust og historiske hamnemiljø er ein viktig del av lokal identitet.

Strusshamn er eit godt døme på kva som kan skje når gamle sjøhus, næringsbygg, båtar og menneske igjen fyller eit kulturmiljø med aktivitet.
Forbundet KYSTEN sitt landsstemne synleggjorde nettopp verdien av å bruke kulturmiljøa aktivt.
Naust og sjøbuer var opphavleg næringsbygg knytte til fiske, sjøbruk, lagring, handel, overnatting og transport.
Skal vi ta vare på desse miljøa, må vi også akseptere at bruken endrar seg når samfunnet endrar seg.
Det viktigaste må vere å bevare bygningane, særpreget og kulturmiljøet – ikkje å krevje at bruken skal vere den same som for hundre år sidan.
Kommunar må gjennom planarbeid og avgjerder i konkrete saker fylgje opp statlege avtaler og strategiar, og dermed opne opp for tilpassa ny bruk av eksisterande naust og sjøhus. Då vert omsynet til natur, landskap, ferdsel og kulturhistoriske verdiar ivareteke.
Alternativet til ny bruk er altfor ofte forfall.
Aktivitet skaper vedlikehald, vedlikehald skaper vern – og vern gjennom bruk held kystkulturen levande.
Sverre Sangolt
Naustforeininga Nytt i Naust
www.naust.org





