Politi | 30. nov. 2023

Bil hamna 4-5 meter utanfor vegen

Utforkøyring på Søfteland.

Bil hamna 4-5 meter utanfor vegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. nov. 2023 20:45

Fredag klokka 06.40 fekk politiet melding om ei utforkøyring på Søfteland. Bilen skal ifølgje Vest politidistrikt ha rulla rundt to gongar og landa på sida.

Uhellet skjedde i ei 60-sona på Byvegen, og berre éin bil var involvert.

– Bilen låg 4-5 meter utanfor vegen. Bilførar, ein mann i slutten av 20-åra, sa seg uskadd, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

– Airbag er ikkje utløyst og bilen ser relativ heil ut.

Bilførar blåste til null promille. Han forklarte at han ikkje hadde høg fart.

– Det var veldig glatt på staden, seier Lyssand.

Politiet har ikkje oppretta sak.

Torsdag i 12-tida hadde politiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen, i 70-sone retning Halhjem.

– Det blei skrive ut 10 forenkla forelegg. Høgaste målte fart var 87 km/t.

Det resulterer i 6700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

I 21.30-tida torsdag kveld fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Hegglandsdalsvegen.

– Førar er uskadd, bil fekk skade på skjerm og frontlykt. Hjorten såg ut til å vera skadd i ein fot, og viltkontakt er varsla.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.