Politi | 04. des. 2021

Bil hamna på jorde

Uhell på Nore Neset og sladding i Os sentrum.

Bil hamna på jorde
Brøyting i Industrivegen måndag kveld. Seinare har det komefleire snøfall, ikkje minst fredag. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. des. 2021 07:46

Fredag i 18-tida fekk politiet melding omeit lite uhell på Nore Neset.

– Ein bil hadde hamna ut på eit gjorde, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Ingen blei skadd. Bil og bilførar blei kontrollert, og politiet fann ikkje grunn til å oppretta sak.

– Det var glatt på staden, og bilen hadde byrja å skli bakover då den skulle opp ein isete bakke.

– Eigar sa han sjølv ville få bilen opp med traktor i løpet av laurdagen.

Også andre stadar i Vest politidistrikt har det vore uhell på glatten.

110-sentralen meldte rundt midnatt om ein bil som låg på taket i vegbanen i Sævareid.

I 01.15-tida hamna ein bil i ein murkant og gjekk vidare rundt og blei liggande på taket på Askøy.

Sladda utanfor bensinstasjon

I 01-tida natt til laurdag observert på tampen av ein sladd inne på området til ein bensinstasjon i Os sentrum.

Bilførar blei kontrollert. Han erkjente å ha sladda. Politiet opplyste om farepotensiale og reglane kring sladding, som kan føra til førarkortbeslag.

Hendinga blei loggført, men det blei ikkje oppretta sak. Bilisten fekk køyra vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.