Lokal | 05. mai 2010

Bil- og sykkeltjuveri

Slåssing og sykkeltjuveri i sentrum, forsøk på å stikka frå politiet i stolen bil på Hatvik.

Bil- og sykkeltjuveri
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. mai 2010 09:01

Tysdag i 17.15-tida prøvde politiet å stoppa ein bil i Hatvik-området, men bilen kom seg unna ved å kjøra delvis ut i grøfta.

- Bilen punkterte, så den kom ikkje langt. Den hadde falske skilt og var meldt stolen i Arna. Føraren, som var åleine i bilen, er ein ungdom utan førarkort, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Slåssing og rus
Politiet fekkmelding om slåssing og rus i ein ungdomsgjeng som hadde samla seg i Os sentrum tysdag.

- Vi rykte ut, men då hadde det roa seg. Vi fekk også melding om ein rusa kjenning. Vedkomande blei funnen og kjørt til arresten i Bergen.

Såg sykkeltjuven
Tysdag morgon, i 8.15-tida, blei ein sykkel stolen utanfor Rimi i Os sentrum.

- Ho skulle berre inn og kjøpa noko, og let sykkelen stå ulåst. Då ho kom ut var sykkelen vekke, fortel ein slektning av den unge kvinna som no saknar sykkelen sin.

- Ei jente som sto utanfor butikken såg mannen som slengte vekk hjelm og hanskar, sette seg på sykkelen og stakk frå staden.

No håpar han nokon finn den ganske dyre sykkelen, og tipsar politiet. Sykkelen er brun med kvit skrift.

Sel syklar i dag
Lensmann Rasmus Dalen fortel at dei får inn eller kjem over ein del stelte syklar og anna tjuvgods i løpet av eit år.

- Men folk kan kanskje bli flinkare til å koma innom og sjå om det dei ein gong mista er funnen igjen. I dag sel vi syklar som vi har hatt liggande ei stund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.