Politi | 19. jan. 2023

Bil velta på Ulven

Politiet fortel om fire trafikkuhell i går - to av dei på Ulven.

To bilar hadde uhell på Ulven i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. jan. 2023 08:20

I snøvêret onsdag var det fire uhell i trafikken i Os.

Klokka 10.15 glei ei gravemaskin av ein lastebil på Drange. Gravemaskina var også borti ein personbil, som blei lettare skadd, men ingen personar blei ramma.

Politiet har rutinemessig oppretta sak, sidan det er bedrift involvert og karakterisert som arbeidsuhell. Førar av lastebil er ein mann i slutten av 30-åra.

DRANGE: Gravemaskinen er på beina igjen, litt skiten, men tilsynelatande uskadd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògGravemaskin ramla av lastebil

Litt før klokka 16 fekk politiet melding om mogleg trafikkuhell på Strøno. Det viste seg at bilen hadde mista eit hjul.

Klokka 20.45 kom det melding om utforkøyring på Ulvcen.

– Bilførar er ei jente under 20 år. Ho hadde med seg ein passasjer, og begge var uskadde, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilførar forklarte at ho glei av vegen i 40 km/t. Bergingsbil blei bestilt, politiet oppretta ikkje sak.

Eit kvarter seinare kom melding om nok eit uhell på Ulven. Bilen hadde glidd utfor og velta.

Bilførar, ein mann i slutten av 50-åra, var uskadd.

Politiet fortel òg om to andre tilfelle i går, ein drosjepassasjer som ikkje betalte for seg og eit tilfelle av sprengt postkasse:

FYRVERKERI: Politiet ble informert av  eieren (Foto: Arkiv).
Les ògFyrverkeri i postkasse: - Svidd og uleselig post

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.