Seks forelegg og eitt førarkortbeslag
Politiet hadde fartskontroll søndag.

Politiet hadde søndag fartskontroll på Lepsøyvegen, ved Os Lakk og Karosseri.
Frå klokka 13.20 til 15 blei det sju reaksjonar i 50-sona.
Høgaste fart blei målt til 77 km/t, noko som kvalifiserte til førarkortbeslag.
Om vedkomande hadde køyrd to kilometer i timen saktare så ville det «berre» blitt 9.300 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.
Også laurdag hadde politiet trafikkontroll, men då var det promillekontroll i Hamnevegen.
– Det var lite trafikk og berre tre kontrollerte. Det førte ikkje til nokon reaksjon, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.