Lokal | 07. aug. 2016

To bilbrannar i Os

Bilbrann i Midtbøvegen i natt og i morgontimane kom det melding om bilbrann i Lysefjorden.

To bilbrannar i Os
Det var fare for at bilbrannen skulle spreie seg til huset (foto: Os brannvesen)
Kari M. Lyssandsøndag 07. aug. 2016 08:08

Bildeserie:

Bilen som brann på Søvikneset sto på ein sideveg (foto: Os brannvesen)
Bilen som brann på Søvikneset sto på ein sideveg (foto: Os brannvesen)
1 av 1
Bilen som brann på Søvikneset sto på ein sideveg (foto: Os brannvesen)

Klokka 04.15 fekk politiet melding om ein bil som brann i Midtbøvegen.

– Bilen stod berre 1-2 meter frå husvegg, men det blei ikkje spreiing av brannen, fortel Eivind Hellesund, opersjonsleiar i Vest politidistrikt.

Os brannvesen kom på staden og fekk slukka brannen.

– Vi fekk vatn på og kjølt ned husveggen. Med det hindra vi at brannen spreidde seg til einebustaden. Hurtig varsling, rask innsats og dykige mannskaper hindra ein større bustadbrann i natt, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Bilen skal ikkje ha vore i bruk på 2 veker.

Bilbrann på Søvikneset

Klokka 08.45 kom det inn ny melding om bilbrann, denne gong i ein bil på Søvikneset i Lysefjorden. Denne bilen hadde vore i bruk tidlegare på dagen.

– Bilen er fullstendig utbrent, men brannen spreidde seg ikkje vidare.

Os brannvesen rykte ut og fekk slukka brannen som sto på ein sideveg.

Politiet vil starta undersøkingar på begge brannane og forsøka å finna ut kva som har skjedd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.