Sport | 01. mai 2012

Bjarg skremte Brann

Brann klarte seg nesten like bra mot Bjarg i cupen som Os gjorde i serien. I morgon speler Os første runde i NM. Sjå resultatlista frå dagens kampar.

Bjarg skremte Brann
Os slo Bjarg 2-1. Det same gjorde Brann i dag. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. mai 2012 20:23

I dag blei dei første kampane i første NM-runde spelt.

Os sin avdelingskollega Bjarg, som Os slo 2-1 i serieopninga etter å ha leiar 1-0 til pause, tok imot Brann og leia 1-0 etter skåring i 30. minutt av Even Skåtun.

Brann utlikna ved Erik Mjelde eitt minutt før pause.

I andreomgang sørgja Mjelde for 2-1 og siger til Brann.

Os møter Åsane onsdag

Os håpte på Brann, men møter i staden 2. divisjonsklubben Åsane, med blant anna osingen Vegard Leikvoll Moberg i troppen.

Kampen går på Kuventræ frå klokka 18 onsdag 2. mai.

Os med 7 poeng, Åsane med 3

Os har starta serien i 3. divisjon bra med to sigrar og ein uavgjort, og ligg på 2. plass på tabellen etter tre rundar.

Åsane har slått Vindbjart (2-1), men tapt for Vidar (0-1) og Randaberg (0-1) i 2. divisjon.

Vegard har spelt frå start i alle dei tre kampane og fekk også med seg Os sin 4-1-siger over Stavanger laurdag, frå tribunen på Kuventræ.

– Åsane er gode om dei slår oss

– Vi ønskjer å bygga vidare på det vi gjordee mot Stavanger laurdag og Åsane skal jaggu gjera eit godt stykke arbeid om dei skal slå oss i morgon, meiner Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

Det betyr at Os startar med dette laget i første NM-runde: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Vegard Engelsen Moberg - Erik Kanestrøm, Tore Valvik, Simen Lassen, Fredrik Heggland - Preben Borgen - Christer Olsen.

Fleire resultat frå NM 1. mai:

Lyn - Vålerenga 1-2
Lommedalen - Stabæk 0-3
Staal Jørpeland - Sandnes Ulf 2-1
Herd - Ålesund 0-1
Sunndal - Molde 0-4
Avaldsnes - Haugesun 1-7
Voss - Fana 0-7
Florø - Sogndal 3-0
Tiller - Rosenborg 0-8

Onsdag er det fleire NM-kampar, blant anna:
Arna Bjørnar - Fyllingsdalen
Austevoll - Nest Sotra
Stavanger – Ålgård
Øystese – Vard Haugesund

Her kan du sjå heile oppsettet og alle resultat (fotball.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.