midtsiden

Bjarte på banen igjen

Bjarte Haugsdal gjorde det bra mot Løv-Ham. No spelar han frå start igjen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Noko utleige til andre klubbar er uaktuelt no, Bjarte kjem til å vera her, det er heilt sikkert, seier Brann-trenar Steinar Nilsen til bt.no.

I fjor debuterte Bjarte med innhopp i siste serierunde, på heimebane mot Rosenborg. Tysdag startar han sin andre treningskamp på rad, denne gong mot Hønefoss.

Nilsen meiner Haugsdal gjorde det så godt på sentral midtbane då Brann vann 5-1 i førre veke at han no bør få tillit igjen.

- Bjarte gjorde svært god figur. Det var spennande at han fekk tillit på sentral midtbane, seier osingen Robert Nøss, som var i Vestlandshallen og såg kampen.

- Du kan alltid kasta ein ny mann inn som spiss, og sjå om han lukkast der, men du plasserer ikkje kven som helst på midtbanen. Med den farten Bjarte har kan han, om han finn seg til rette på den plassen, bli ein veldig spennande spelar, meiner Nøss.

Mot Hønefoss tysdag kveld spelar Haugsdal høgre kant.

Fleire saker