Næringsliv | 09. okt. 2019

Bjørnafjorden Hotell i samarbeid med Halhjem Kafé

– Dette gir begge utvida kapasitet, seier Iselin Borge og Lukasz Brekke.

Bjørnafjorden Hotell i samarbeid med Halhjem Kafé
Iselin Borge og Lukasz Brekke driv vidare saman, men med kvar sine selskap. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. okt. 2019 08:33

Iselin Borge er ein av dei tilsette som i 2017 starta selskap for å driva Bjørnefjorden Gjestetun vidare, som leigetakar hos ny eigar. Ho eig no selskapet åleine, og har skifta namn til Bjørnafjorden Hotell.

– Parallelt med drifta her påhauge har vi sett etter eit eigna restaurantlokale, både som avlasting for kjøkken og selskapslokale i hotellet, og som ein ekstra fot å stå på.

– Vi veit dessutan at vi driv hotellet på lånt tid, eigar planlegger som kjent å bygga bustadar her. Då kan det vera godt å ha ein stad å landa, fortel Borge.

Førebels har ho ikkje signert leigekontrakt på noko anna lokale, men laga ein samarbeidsavtale med ei etablert verksemd, ein av dei andre medlemmane i organisasjonen Bjørnefjorden Matkultur.

Utvida kunnskap og kapasitet

Den erfarne kokken Lukasz Brekke, som har drive catering med selskapet «Det Naturlige Kjøkken» i fleire år, overtok i fjor Halhjem Kafé.

– Det er ikkje mange kokkar av Lukasz sitt kaliber i bergensregionen. Vi har vore heldige og hatt han med oss i ulike samanhengar, no har vi inngått ein samarbeidsavtale og får Lukasz inn som matfagleg ansvarleg hos oss.

På Det store Bjørnefjordmåltidet, som gjekk av stabelen i Oseana i helga, serverte dei to rettar i fellesskap - første og siste rett - hyse med østers og yoghurt med pissemaur.

Auka kapasitet og utvida cateringverksemd

Brekke har jobba i Nordsjøen det siste året, men er no i land og satsar på mat på fulltid.

– Juli er ein roleg månad på Halhjem, men vi hadde ein fin forsommar og ein del selskap på seinsommaren. Den faste opningsdagen søndag varierer kor god den er, fortel Lukasz.

Også Bjørnafjorden Hotell fortel om ein god forsommar og seinsommar.

– I høgsesongane har vi altfor mykje å gjera, og altfor liten plass. Med Lukasz sitt kjøkken, og med tilgang på lokalet hans, kan vi både selja, koka og servera saman.

I ny samarbeidsavtale skal dei driva vidare frå kvar sine firma, men med ein del overlapp på bruk av personell og fasilitetar. Saman skal dei òg trappa opp cateringverksemda.

– Vi kan ikkje berre tilby mat på døra, hos oss kan du leiga både servitørar og få kokken heim til deg for å laga mat. Ei ny nettside for bestilling skal vera oppe og gå i slutten av oktober, fortel Lukasz og Iselin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.