Bjørnafjordingar – Kvifor slik støy og uro i kommunen vår?
DEBATT: Kontrasten mellom politiske omkampar, og gladmeldingar i lokalpressa om dugnadsinnsats i idrettslag og bygdelag, er stor for tida.


Er Bjørnafjorden kommune «LIV LAGA»?
Kvifor så mykje uro og «politisk støy» etter kommunesamanslåinga?
Stolar vi ikkje på kommuneadministrasjonen og politikarane våre?
Eg trur dei fleste skjønte, at å sy saman Os og Fusa til ein kommune ville kosta både økonomisk og ikkje minst kjenslemessig.
Kommunestyret og administrasjonen fekk ei nesten umogeleg oppgåve, der dei skulle PRIORITERA: Kva MÅ vi ha, og kva er KJEKT å ha? I plan- og budsjettarbeidet.
Reformar kjem og går. Bjørnafjorden kommune har vore gjennom fleire sidan samanslåinga. Store endringar for ein del grunnskular. Reformar i eldreomsorga, utbygging og sentralisering i to kommunesenter. Dette skapar mykje støy. Kvifor? Klarar vi ikkje å sjå heilskapen? Tenkjer vi egoistisk? Gløymer vi kommuneøkonomien? Stranda desse reformene på personlege meiningar? Mine tankar om dette er at grupper og bygdelag ikkje klarar å sjå heilskapen og demokratiet i kommunen.
Det første eg merka meg var motstanden mot den nye SKULESTRUKTUREN. Der seks barneskular burde leggjast ned/slåast saman med andre til større skular. Då vakna bygdefolket.
Sterke og negative meiningar om småborn og skuleskyss, overføring til større miljø og tap av bygdas samlingsstad gav protestar, og berre to skular blei overført til andre. Eg veit ikkje om det var stor økonomisk vinning i dette, men eg vil tru at skulepolitiske fagfolk ser andre fordelar ved større skular enn dei reint økonomiske. Og det er ikkje noko nytt at skuleborn i heile landet må ta skulebussen. Småborn tilpassar seg oftast lett i nytt miljø, der eit breiare fagleg lærarmiljø er ein plussfaktor. Det tomme skulehuset som er bygdas samlingsplass, kan kanskje brukast som ein kulturell og sosial samlingsstad? Og driftast på BYGDEDUGNAD?
Så ser det ut til at POLITI, BRANN og LEGEVAKT har funne sine plassar i kommunen, etter mange og sterke protestar. Bra!
I desse dagar er det ELDRETENESTA og SJUKEHEIMANE i kommunen som uroar mange, og nye protestar kjem frå grupper og enkeltpersonar. Gjerne mot helsefagfolk, tillitsvalde og administrasjonen i kommunen. No må Bjørnafjorden kommune ta høgde for den mykje omtalte «ELDREBØLGJA». Korleis kan eldreomsorga driftast ut frå dagens økonomi, sjukeheimsplassar og heimebasert hjelp?
Eg håpar kommunen vil halda ein del folkemøter, og orientera alle som no er uroa om dette temaet. Til no er vi informerte gjennom lokalpressa, at sjukeheimane våre må omorganiserast og drivast på ein meir forsvarleg måte, både økonomisk og fagleg medisinsk. Forstår eg dette rett har no kommuneadministrasjonen starta arbeidet med ein ny plan for sjukeheimane og eldreomsorga.
Når no denne planen kjem til politisk debatt og eventuelt godkjenning, treng vi ikkje fleire omkampar.
Blir den nye planen godkjent politisk, ja då bør dei som skal utføra jobben, helsearbeidarane i kommunen, gjera sitt beste, og ikkje sjå på dei som jobbar på andre sida av fjorden som konkurrentar.
Vi bør alle hugsa på at politikarane våre har små økonomiske «musklar» for tida, og vil visa til den grundige kronikken i lokalpressa vi fekk frå kommunedirektøren om dette.
Til slutt minner eg alle bjørnafjordingar om kva Kong Harald sa då han no var i Samnanger:
- «La oss gjere noko med det vi faktisk kan påverke, som å skapa gode kvardagar for oss sjølve og dei rundt oss. Rekka opp handa og bidra der vi kan. Skapa fine fellesopplevingar, og ta godt vare på kvarandre.»
Hans Ingebrigtsen
