Frå venstre: Tina Bøe Buer, Pål Skotheim, Sonja Skotheim, Yolandi Carr, Eva Størksen, Irene Dalland, Johanne Dalland og Nils Brynjulf Bøe.

Bjørnefjorden Matkultur på reise til Nice

Henta lærdom og inspirasjon i Sør-Frankrike.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Åtte av medlemmane i Bjørnefjorden Matkultur, som blant anna står bak suksessen med «Det store Bjørnafjordenmåltidet, har nyleg fått fagleg påfyll - på fransk - med Småbrukarlaget.

– Vi i Bjørnefjorden Matkultur har som mål å spreia kunnskap og kjennskap om lokal mat og matkultur, og å gjera lokal mat og råvarer kjent, etterspurd og tilgjengeleg. Som en del av vårt virke, sendte vi åtte av medlemmane våre på studietur til Nice frå 28. mars til 2. april, saman med Småbrukarlaget. Monsatufto fra Lysefjorden, Bøkampen Utegangerlam, Yolandi Carr, Evas Mat, Garden på Dalland og Tina Bøe Buer, seier Daniel Skotheim.

– Denne gong var det fokus på matprodusentane, neste gong reiser vi med kokkane. Deltakarane betalte eigenandel, men fekk dekka delar av reisa av fellespotten til Bjørnefjorden Matkultur.

I september skal gruppa på fellestur med alle medlemmane, her er destinasjon førebels ikkje bestemt.

– Ein av dei største suksessfaktorane for Bjørnefjorden Matkultur er korleis medlemmar på tvers av firma, kommunegrense og verdikjede møter kvarandre, inspirerer kvarandre og samarbeider.

På turen til Nice fekk dei lokale aktørane frå Bjørnafjorden møta lokale utsalsstadar i Coursegoules og Puget Theniers, geitebønder i Malaussène, birøktarar og fleire lokale, franske produsentar av alt frå grønsaker og frukt, til safran, urter og verpehøns.

– For meg og og foreininga er det spennande å sjå korleis lokale råvarer kan brukast i rettar med internasjonal inspirasjon. Det blir nok mykje å sjå fram til for kundane til medlemane våre framover, og, ikkje minst, til det neste store Bjørnafjordsmåltidet, om vi bestemmer oss for å gjenta suksessen.

Reisbrev frå turen

Under følgjer reisebrev frå turen - ført i pennen av Irene Dalland frå Dalland Gard på Tysnes:

Me ankom Nice, Frankrike torsdag formiddag. Klokka 17 traff me resten av  reisefølget. Alle introduserte seg, og kva dei dreiv med. Alle var relaterte til enten landbruk eller matproduksjon, matlaging eller salg av mat. Me var ein god gjeng i frå frå Bjørnefjorden matkultur. Så bar det vidare på besøk til ein økologisk butikk ikkje så langt i frå hotellet. Dei samarbeidde med lokale bønder og tok berre inn økologiske varer som hadde maks 100km reiseveg inn til butikken. Dei var oppteken av å redusera plastforbruk og selte mykje i lausvekt. Flott butikk!

Felles middag på kvelden, på ein lokal restaurant som heitte "21 bønder". Ein butikk og restaurant som starta opp av ein mann som hadde  trua på økologiske varer og mat. Samarbeidet byrja med 21 forskjellige bønder - derav namnet. Me fekk servert anderavioli og svinekotelettar.

Fredag morgon reiste me med lokalbuss til ein liten fjellgard rett utanfor Nice. Ein liten gard med ca 15 mål grønnsaker. Nydeleg gard, med nydelege mennesker som var veldig opne og smilande. Dei hadde laga til eit stort kjøken inne i drivhuset, der me fekk servert nyplukka salat, løkgrateng med ei skinkestykke attåt og litt brød. Fantastisk mat! Me fekk vera med å hausta mangold og bondebønner. Flotte sittegrupper inne i lokalet der me fekk ta ein "siesta" etter maten. For å ta eit priseksempel: ein bunt med cirka 12 stk mangoldblad, selte dei for 20 kr
på markedet i Nice. Dei hadde ein ansatt som hjalp dei med innhaustinga. Inspirerande gard!

Laurdag reiste me lengre opp mot fjella, til ein liten gard som dreiv med ammeku. Dei hadde nedskjæringslokale der dei stykka dyra opp og laga pølser. I tillegg til ammekyrne hadde dei oliventre og produserte olivenolje. På olivenoljeproduksjonen hadde dei rundt 200 000-250 000 kr i året. Igjen fekk me smaka god mat og olivenolje! Garden låg i eit så brattlendt terreng at minibussen ikkje kom seg opp der, og me måtte gå siste stykket. Noko av det fyrste me la merke til i Frankrike var dei smale og trange vegane. Nesten kvar ein bil hadde bulkar, og dei
passerte kvarandre på vegar så smale at det var ufatteleg.

Søndag reiste me vidare til Puget theniers. Ein liten landsby på rundt 600moh. Her overnatta me i 2 netter. På veg opp til landsbyen kjørte me innom eit  sauebruk som hadde nyleg bygd nedskjæringslokale og gardsbutikk. Me fekk omvising og kunne handla i butikken. Dei hadde både grønsaker, kjøt, cider, honning, drops, ullfeller og mykje meir i butikken. Dei kunne fortelja at dei hadde store problem med ulv, og måtte ta inn saueflokken på natta for å beskytte flokken. Han hadde no rundt 650 sau, og hadde gått ned frå ca 800 sau fordi han begynte med nedskjæringsannlegg og fekk dermed meir pengar per kilo kjøt enn før.

Då me ankom Puget Theniers besøkte me fyrst ein lokal butikk der dei selte lokalproduserte og økologiske produkt. Etter deilig lunsj, med blant anna saueyoghurt til dessert, fekk me sjå ein gard på rundt 25 mål i eit så bratt terreng som me aldri har sett. Grønnsakane blei produsert på kvar sine "etasjar". På avstand såg det ut som store trappetrinn med grønnsaker.

Dei hadde ein liten traktor som kunne snu på ein -to -tre! Alt utstyr var lite, og dei hadde betalt rundt 300 000kr for traktoren og alle  redskapene som dei hadde til den (harv, plog, potetsetjar, fres ++). Dei hadde 300 høns som la egg, og dei hadde store uteområdar oppover dei bratte fjellsidene. Ein av utfordringane deira var rovfugl som av og til dukka opp og tok høns. Garden omsette for rundt 800 000- 850 000 kr i året, og både mannen og kona jobba fulltid på garden.

Måndag reist me vidare opp mot alpene og opplevde den mest nervepirrande bussturen me nokon sinne har vore på! Fjellsidene var så bratte, og landskapet var mektig. Anbefalast for naturglade menneskjer! På 1300moh fekk me omvising på ein flott gard i eit lite fjellsamfunn. Her dreiv dei med mjelkesau. Av mjelka laga dei ost og yoghurt. Dei selte og alt sauekjøtet direkte til kundar, og noko kjøpte ei lokal dame som hadde si eiga foredlingsbedrift. Ho laga sauekebab av kjøtet som ho selte på marknadar rundt i området. Ho tok 80 kr for ein kebab. Me fekk smaka denne til lunsj, spanande og godt.

Denne landsbyen hadde kvinneleg ordførar som kom og helste på oss. Me avslutta turen med felles middag på ein lokal restaurant i Puget theniers. Her fekk me servert ørret og kjøttgryte. Ein travel, spanande og inspirerande tur tok brått slutt!

Fleire saker