Lokal | 15. juni 2011

Blanda mottaking

Onsdag morgon starta handhevinga av parkeringsreglane i Os sentrum. Det blei ikkje berre godt mottatt.

Blanda mottaking
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juni 2011 08:30

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Parkeringsvert Elisabeth Thomassen starta første dag i felten med å vera snill. I 9-tida onsdag morgon sto to syndarar i Landboden. Den eine slapp unna fordi skiltet på hjørnet av Oshjørnet er vekke, den andre grunna syltynn forklaring om av- og pålessing.

– Bilen har stått i 10 minutt utan at nokon har løfta noko inn eller ut av den. I tillegg tel ikkje eit skjema som noko som er verdt å bryta forbodet med, det skal vera tung last, seier Elisabeth, og seier at ho blir strengare neste gong.

– Burde ha venta

I Brugata sto det som vanleg ein syndar ved stoppforbod-skiltet utanfor apoteket. Føraren sat i bilen og slapp unna med ei åtvaring.

Men så var det parkeringsverten sin tur til å bli åtvara.

– Dette kjem eg til å tapa mykje pengar på. Viss ikkje folk kan stoppa i ti minutt for å springa inn og levera ein tippekupong så er det noko som er gale, meiner Rune Rosvold.

Den elles så muntre butikkeigaren var tydeleg provosert av det ferske vakthaldet.

– De burde ha venta med å handheva reglane til alt det nye er på plass. Det skal jo koma fleire 30-minuttarsplassar utanfor her, dei er ikkje kome enno.

Thomassen viste til ledige plassar ved posten og prøvde seg med at kundane kunne klara å kryssa vegen, men dette var mager trøyst.

– Skal det bli så strengt før skikkeleg skilting og merking er på plass så kan vi berre stenga ned heile Osøyro, meinte Rosvold.

Etterlengta orden

– Det skal bli godt å få orden på parkeringa i Os sentrum, til no har det vore Ville Vesten, meiner Jan Lorentz Lund.

Han tenkjer ikkje minst på mange av dei rundt 300 medlemmane i Os LHL, som han er leiar av.

– Fleire av medlemmane våre har særskilte behov og har løyve til å stå på handikapp-plassar. Men dei er ofte tatt av andre utan løyve.

For ordens skuld, har du HC-bevis gjeld ikkje 2-timars-regelen, uansett kva plass du står på.

Første gebyr: Utgått bevis

Det første gebyret som blei skrive ut av parkeringsverten til Os kommune gjekk nettopp til ein som sto ulovleg på HC-plass.

Bilen sto parkert utanfor DnB NOR.

I frontruta låg rett nok eit HC-bevis, men dette hadde gått ut i januar 2010, dermed kosta parkeringa 500 kroner.

Les òg:
På vakt frå onsdag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.