Lokal | 05. juni 2012

Blant dei finaste

NRK Lydverket har kåra dei ti finaste festivalane i sommar. Søfteland Rock N LOL er éin av dei.

Blant dei finaste
Festivalområdet under Rock N LOL 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandtirsdag 05. juni 2012 19:22

Før festivalsommaren går i gang har NRK Lydverket gått gjennom dei forskjellige festivalane og kome fram til det dei meiner er dei ti finaste.

Blant festivalar som Hove- og Øyafestivalen er Rock N LOL lista som ein av dei ti festivalane Lydverket gler seg ekstra mykje til i sommar.

-Sykt fett!

Andreas Lindborg hadde ikkje fått med seg kåringa då den blei lagt ut på Lydverket, så då han såg overskrifta klikka han seg inn med et ørlite håp.

-Eg hadde ikkje trudd at vi skulle koma med, men då eg skrolla nedover skjermen og såg at vi stod der tenkte eg berre: Wow! seier Andreas til Midtsiden.

-Det var sykt fett! legg han til.

Betre og betre

Lydverket har blant anna lagt til grunn at festivalen, som er seks år i år, har vakse seg større og betre for kvart år, og er prega av lokale heltar som John Olav Nilsen, Kvelertak og Audrey Horne.

Det som Lydverket ser på som "de to største rosinene i festivalpølsa" er Deathcrush og Enslaved, sistnemte med Rock N LOL som sin einaste festivaljobb i Noreg denne sommaren.

Den minste av dei ti

Blant dei ti festivalane er Søfteland Rock N LOL den minste på lista.

-Det er veldig stort å vera på lista saman med nokre av dei største festivalane i Noreg, seier Lindborg

-Eg håper at dette kan vera bra reklame for Rock N LOL, og at endå fleire tar turen til oss den 6. og 7. juli.

Her er heile lista frå NRK Lydverket

Meir om årets festival og tidlegare festivalar?

Sjå Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.