Lokal | 05. jan. 2012

Blant dei største

Os Turn er blant dei største mottakerane av Norsk Tipping sin grasrotandel i Hordaland. Heile 310 500 kroner fekk dei i 2011.

Blant dei største
Leiar i Os Turn Håkon Andrè Egeberg Johansen er godt nøgd med andelen laget får frå grasrotandelen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. jan. 2012 14:02

Norsk Tipping offentleggjorde torsdag kor mykje som har gått tilbake til idrettslag og andre friviljuge organisasjonar gjennom grasrotandelen. 296 millionar har blitt delt ut over heile landet, noko som er ny rekord. Lag og organisasjonar i Hordaland fekk vel 33 av desse millionane.

På idrettssida er ikkje uventa Sportsklubben Brann den største med 673 562 kroner, men allereie på femte plass finn ein Os Turn med 310 500 kroner. Berre slått av Brann, Gneist, Fyllingen Fotball og Løv-Ham (dei to siste slår seg no saman).

- Det er jo utruleg kjekt, og ein viktig del av totalbudsjettet vårt, seier ein smilande leiar i Os Turn Håkon Andrè Egeberg Johansen.

Høgre aktivitet og betre anlegg

Os Turn er i ferd med å utgreia ei opprusting av idrettsanlegget på Kuventræ og treng pengane.

- Det offentlege bidreg jo ikkje med så mykje penger, så det at vi får vel 300 000 kroner frå Norsk Tipping sine spelarar kjem godt med.

- Det gjer at vi kan halda eit høgre aktivitetsnivå og betre anlegget her på Kuventræ.

- Ikkje minst betyr det at vi kan vera ein breddeklubb, både når det gjeld forskjellege idrettsgreinar og antall lag.

Fordelast mellom gruppene

Grasrotandelen utgjer omlag 300 kroner per medlem i idrettslaget.

- Midla blir fordelt mellom hovedlaget og dei forskjellege gruppene etter ein nøkkel basert på antal medlemmar under 18 år i kvar av gruppene.

- For oss er det viktig at dei kjem alle tilgode og ikkje berre A-laget i fotball eller handball, understrekar Johansen.

Dette mottok laga i Os

Her finn du oversikten over kor mykje dei 57 laga og organisasjonane som får midlar frå grasrotandelen fekk i 2011. Tala frå 2010 i parentes.

Totalt mottok lag i Os 1.043.807 kroner (872.866)

Os Turnforening - 310 500 (324 721)
Os Røde Kors - 106 991 (93 053)
Lysekloster Idrettslag - 106 239 (97 700)
Nore Neset Idrettslag - 97 448 (101 594)
IL Øyglimt - 76 290 (80 366)
Søfteland Turn og Idrettsforening - 74 116 (76 649)
Søre Neset Idrettslag - 72 393 (65 401)
LHL Os - 39 691 (37 235)
Bjørnefjorden Golfklubb - 34 479 (36 375)
Jadakameratene - 33 846 (24 645)
Lysefjorden Ungdomslag - 20 458 (13 291)
Rock N LOL - 18 507 (11 854)
Os Revmatikerlag 16 121 (15 700)
Os Skyttarlag - 14 861 (14 352)
Ungdomslaget Havglimt - 14 000 (13 294)
Os Kobudokan karateklubb - 12 487 (13 475)
Os og Kuventræ skulekorps - 10 774 (12 026)
Os MC og MX Klubb - 9 912 (8 942)
Os Musikkforening - 9 223 (10 000)
Os Basketballklubb - 8 777 (6 522)
Os Rockeklubb - 8 519 (3 602)
Os Pensjonistforening - 8 483 (9 568)
Os Aero klubb - 8 150 (13 733)
Lysekloster Sanitetsforening - 8 022 (8 961)
Os Bridgeklubb - 7 857 (3 286)
Os Jakt og Fiskelag - 7 034 (463)
Nore Neset Mannskor - 6 601 (3 650)
Os Vocalis - 5 422 (9 101)
Lysekoret - 5 148 (5 211)
Nore Neset Skulekorps - 4 974 (13 971)
Os Swingklubb - 4 936 (3 379)
Os Roklubb - 4 817 (4 368)
Os Blandakor - 4 687 (5 138)
Cykle-klubben Henie - 4 683 (4 678)
Søre Neset Sanitetsforening - 4 664 (4 423)
Moldegaard Ryttersportsklubb - 4 365 (4 293)
Lysefjorden Ride og kjøreklubb - 4 268 (4 323)
Vildmarken Golfklubb - 4 053 (3 765)
Vestlandets Fuglehundklubb - 3 800 (6 479)
Os Mannskor - 3 761 (2 466)
Lysøens venner - 3 376 (1 404)
Hegglandsdalen Idrettslag - 3 239 (2 828)
Os Rotary klubb - 3 019 (3 273)
Os Fjordlag - 2 933 (10)
Os Svømmeklubb - 2 869 (6 259)
Nore Neset Sanitetsforening - 2 825 (2 728)
Lyshornet Brass - 2 483 (2 406)
Os Mållag - 2 223 (1 721)
Os Småfiskarlag - 1 246 (1 473)
Os Sanitetsforening - 1 241 (1 569)
Midthordland Fjordhestlag - 1 178 (1 100)
Os Kolskogen speidergruppe av NSF - 661 (618)
60 gradar Nord - 528 (0)
Norges handikapforbund Os lokallag - 429 (0)
Os Spelemannslag - 229 (125)
Kuventræ Nærmiljøanlegg - 115 (0)
Vener av Lyngheim - 86 (0)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.