Lokal | 13. juli 2009

Blei biten av orm

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. juli 2009 19:26

Laurdag blei ei kvinne frå Lysefjorden straffa for å luka vekk jaktterrenget til ein huggorm.

- Eg heldt på å ta vekk nokre revebjeller då eg høyrde kvesinga. Så kjente eg at det stakk i handa, fortel ho til midtsiden.no.

Der revebjella sto sat ei padde. Truleg var det denne huggormen i utgangspunktet var på jakt etter.

- Det byrja å svi og handa hovna opp. Då eg tok av hansken såg eg to hol i huden. Dette er fjerde huggormen vi har sett i år, men den første som har bite. Eg trur hansken gjorde at eg fekk mindre gift i meg, seier kvinna, som er i 50-åra.

- Reiste du til lege?

- Nei, eg gjekk til naboen, som sa ho hadde nokre tablettar. Men dei var for hund, så eg sto over.

- Utanom sviinga, følte du deg uvel?

- Eg var ein tur på Lyshorn om ettermiddagen, og då syntes eg at eg kjente hjarta banka litt hardare enn vanleg i brattaste henget. Det kan ha vore psykisk, men eg valte uansett å ta det litt med ro opp fjellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.