Sport | 18. okt. 2014

Blei ikkje målrikt likevel

Lysekloster sin bortekamp mot Vadmyra opna forrykande, men gjekk over pause før skåringane kom.

Blei ikkje målrikt likevel
Joakim Hjelmeland skåra Lysekloster sitt einaste mål i dag. (Arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. okt. 2014 18:56

Laurdag spelte Lysekloster borte mot Vadmyra, som trass ein poengfangst på 30 kjempar for å unngå nedrykk.

– Det såg ut til å bli eit målrikt møte på ein liten bane, med store sjansar til begge lag det første kvarteret, fortel dagleg leiar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal.

Men det blei mållaust til pause og var berre 10-15 minutt igjen før første målet kom.

Vadmyra - Lysekloster 1-1 (0-0)
Målskårar, Lysekloster: Joakim Hjelmeland

Joakim Hjelmeland blei byta innpå og kom seg fri på høgrekant, fekk ballen og gav gjestane leiinga.

Utlikninga kom kort tid før slutt.

– Vadmyra utlikna på eit fantastisk langskot frå 25 meter som gjekk rett i vinkelen. Det var ein bra kamp av begge lag i dag, synest Sandal.

Bjarg slo Fyllingsdalen 2 3-0 og ligg eitt poeng bak Lysekloster på tabellen før siste runde.

Lysekloster speler serieavslutninga heime mot tabelltoar Sotra, som kjempar om opprykk, laurdag om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.